Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 10. desember 2013

Sterke røyster

Det tiskar og kviskrar frå bokhyllene, mjuke stemmer deklamerer dikt og strofer i krokane, og gilde øyretelefonar byr på stemningsfulle lydar og rik poesi. Den nye norske nynorsken er installert på Lom folkebibliotek, og kan opplevast ut kvelden. Nytt høvet!

Etter stengjetid får lomværane i dag også gleda av å oppleve ei levande engasjert Amal Aden prate om biblioteket som fristad på Lom ungdomsskule. Ei viktig og sterk stemme som mange bør få med seg!

Eit par-tre andre, litt mindre stemmer -men engasjerte lell- er røystene til bibliotekvinnene som for nokre veker sidan prata om sine beste leseopplevingar siste året til både sambygdingar og grannar over kommungrensa. Endeleg har vi funne rom for å presentere bøkene vi prata om, og lovnaden går i oppfylling før året vinkar farvel.

Forfattar og dobbel Brageprisvinnar Linn T. Sunne stilte velvillig opp saman med to av 3 vise, og prata varmt om følgjande bøker:

Rettferdighet er bare et ord av Kjetil S. Østli er boka du eigentlig ikkje orkar å lese, men gjer det likevel! Østlis refleksjonar frå rettssaka mot Anders Behring Breivik gjev meining i det meiningslause, og etterordet hevar boka til noko meir enn ei samling kommentarer.


http://www.gyldendal.no/Skjoennlitteratur/Romaner-og-noveller/Mors-gaverMors gaver av Cecilie Enger er ei herleg vemodig lesaroppleving. Forfattaren
skriv om sin eigen familie med utgangspunkt i gåvelista ho fann då hun rydda etter den Alzheimersjuke mor si. Mykje gjenkjenning, varme portrett og presise tidsbilete. Enger fekk tildelt Bokhandlarprisen for boka. Unn deg denne!



Skål! av Ingvild Tennfjord er vinboka som faktisk får deg i godt humør. Ujålete og entusiastisk viser denne boka deg veg til større vinopplevingar - og samtidig er det ei bok om ein journalist som set seg hårete mål og kastar seg ut på djupt vatn.

 
Sunne framhevar også boka Slikkepott av Lise Finckenhagen som bra lesnad; kosebok, bruksbok og bilete å sikle på… :)
 
Barnebibliotekaren, som gjerne slit med å finne seg vaksne bøker, fråtsa i haust i eit vell av knakande gode leseopplevingar. Å velja tre toppbøker vart eit dilemma, men valet hamna til sist på desse:

Jordmora av Katja Kettu er ei forrykande velskreven og god bok frå Lapplandskrigen. Kettu skriv om den utstøytte Villøye, som blir godteken av sine eigne kun fordi ho er ei framifrå jordmor. Under krigen forelskar Villøye seg i fotografen og SS-offiseren Johann Angelhurst, og får seg derfor jobb i fangeleiren Titovka, der Johann er utstasjonert. Kettu skildrar krigen med eit eksplosovt språk og ei forteljarevne utanom det vanlege. Dette finske fyrverkeriet trollbandt meg totalt med denne særeigne kjærleikshistoria. Må lesast!



Fuglehotellet av Tiger Gartè handlar om 17-åringen Tor som tek seg
sommarjobb på aluminiumsverket i Sunndalen, der bestefaren Bår arbeidde det meste av livet. Bår tok sjølvmord i godt vaksen alder, og Tor ønskjer å kome nærare inn på livet til bestefaren for om mogleg å forstå kvifor han valde å forlate sine kjære slik brutalt. Livet på Verket er tøft, og ungguten får ei røff mottaking av dei tidlegare kollegane til bestefaren. Romanen er dels sjølvbiografisk, lettlesen og uhyre velskriven. Sjølv meiner eg dette er ein roman som vil fengje mest alle lesarar frå unge vaksne og oppover. Ei god bok for jula!

Urd av Ruth Lillegraven er ei nydeleg samling dikt som knyter saman skjebnetrådane til kvinnene Seselja og Cecilie frå kvar sin ende av århundret. Denne boka løyste ein flaum av tårer då eg las henne første gongen, og jo fleire gongar ein spinn seg inn i denne veven jo meir glede får ein av den eksepsjonelt gode skrivekunsten Lillegraven her presterer. Ei diktsamling som med stort utbyte kan lesast også av dei som til vanleg ikkje les poesi. Forfattaren fekk ein velfortent Bragepris for denne boka, og er eit must for alle bokelskarar!

Attåt desse tre lyt også Fugletribunalet av Agnes Ravatn nemnast som ei pirrande god lesestund. Om trevde år gamle Allis som søkjer gartnarjobb hos ein mann i eit forsøk på å gå under jorda, men som kjem til alt anna enn det ho forventa. God nynorsk lesnad!

Sjefen sjølv, Den Kongeblå Dronninga som lånarar her meiner å ha observert i Skal vi danse på riksdekkjande kanalar, valde etter mykje om og men ut følgjande lesestoff for godstolen:


Johansson som brått mista faren da han var 22 år og som nå nærmar seg same alder som faren da han døydde. Ho handlar om Jens som er redd, om åtteåringen Jens som stod i telefonkiosken med myntene ordna i sirlege stablar og ringde faren i Sverige, om å ha ein knagg med Gjest i faren sitt hus, og om den lidenskaplege musikkinteressa far og son deler. Boka handlar også om foreldremøte, om Jens sitt første møte med kvinna han seinare gifta seg med, om familiemiddagar og kaféturar med mora som er i ferd med å misse minna, om vennegjengen og hemningslaus hopping til Raga Rockers og Forbudte følelser. Det er ei bok som er lett å kjenne seg att i og god å vera i, ei bok eg ynskte skulle vare.

 

Ravnene av Tomas Bannerhed: Vi er på den svenske landsbygda på 70-talet. Vi møter Klas på tolv som ser med stigande redsel på faren og hans bekymringar og tungsinn. Mora prøver omsorgsfullt å ta vare på normaliteten for dei to sønene. Klas finn trøyst i naturen, og særleg hjå fuglane. Forfattaren Tomas Bannerhed, som også er inspirert av Vesaas, debuterte med denne boka som han vann den prestisjefulle Augustprisen for.
 

Bare livet av Alice Munro. Forfattaren vann tidlegare i haust Nobels litteraturpris for si eminente novellekunst. Forteljingane hennar handlar om mellommenneskelige forhold i kvardagslege rammer. Handlinga i dei fleste novellene er lagt til Ontario i Kanada, men historiene framstår som universelle. Ho skriv i eit lett tilgjengeleg språk, fylt med sylskarpe observasjonar og kirurgisk presisjon i skildringa av personar og hendingar.

 
I tillegg prata Rita varmt om Fortellingen om sju bål av Johan B.Mjønes, som underteikna tidlegare har skrive om i bloggen til Norddalsbiblioteka Det leste i livet er gratis.

Ein gild takk til Linn som delte sine leseopplevingar med oss og bygdefolket!
 
Bloggar: Merete
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar