To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 3. desember 2013

Lågmælt lykke

I dag skulle vi eigentleg presentere bøkene vi har bokprata så varmt om på Bok & Bacalao som lova, men ingen kjenner bokkassa før ho er tømt, og i dag vil eg vera såpass viskvinne over meg sjølv at eg finn fram hammaren, dreg ut spikrane og tek ned dei ein gong så godt spikra planane.

For i bokkassa fann eg eit brev. Det er ikkje så uvanleg i og for seg. Ein finn ofte konvoluttar med blanke vindauge og stramt oppstilte bokstavar innafor rutene. Det er slike brev du skjønar vil koste å opne og enda meir å la vera, og du sprettar dei uengasjert opp, skjer deg gjerne litt på peikefingeren før du sender dei inn i runddansen digitalisere, kontere, attestere og andre pomplifiserte dansesteg som ligg utanfor vokabularet til bibliotekaren.

Men i dag, heilt innast, trykt inntil kanten i bokkassa, fann eg eit lite brev. Det var utan innsyn, men med eit Flåklypa-frimerke i kanten og namnet mitt handskrive utanpå. I lykkjeskrift. Eg gjekk inn på bakrommet, fylte kaffi i Mummikruset og lirka forsiktig opp limbandet på baksida. Viktige bodskap er alltid forsegla med limband, det kan du merke deg, saman med limbandlyrikken til Tarald Stein som rann meg i hug under lirkinga:

Medan du les meg
stryk du varsamt limbandet
på plass, festar
lause blad



Innafor forseglinga låg ei lita helsing frå ein av bibliotekarane eg møtte da eg var ute på hyggeleg oppdrag førre torsdag. Bibliotekarane i Ullensaker hadde invitert meg til å vera med dei på personalseminar for å fortelja om formidling og Fear in a librarian's heart. Vi prata om at biblioteka har ansvar for å drive aktiv formidling og prate bøker ut av hyllene. Dette gjeld særleg bøker ein ikkje finn poserande i alle bokhandelvindauga, ikkje minst gjeld det den lågmælte lyrikken. Vi var innom fjelldiktbloggen Ord om fjell, og vi avslutta med å lytte til eit opptak av ein av våre lokale diktarar.

Som sagt før, kan ein aldri ha full oversikt over langtidsverknadene av god lyrikk. Denne gongen ga det seg utslag i ei handskrive helsing frå ei av bibliotekarane i Ullensaker. Ho hadde tatt seg bryet med å skrive for å takke for foredraget og delte desse fine orda av Jan-Magnus Bruheim.

Kjære
 
Eg sit i kveld og skriv til deg
og kjenner orda spire.
Men enno står det berre eitt
og lyser på papiret.
 
Eitt "kjære" står det her.
Eg må vel finne fleire?
Men vide flakkar tankane
som fuglar kringom reiret.
 
Det er så mangt eg skulle sagt.
Fortenkt eg sit ved bordet
og tenkjer: Kanskje er det nok
med dette eine ordet?
 
Eg ynksjer deg  - kvar helst du bur
langt burte eller nære
at du kan kjenne varmen frå
det vesle ordet "kjære".

Det kan gøyme seg mykje lågmælt lykke i nokre liner lykkjeskrift. Betre takk kan eg knapt tenkje meg.

Rita

Informerte kjelder opplyser at diktet Kjære blir å finne i diktsamlinga som kjem neste år i høve 100 årsjubileet for Jan-Magnus Bruheim.

1 kommentar:

  1. Så moro! Jeg har faktisk også en nydelig håndskreven versjon av dette diktet, skrevet ned av Astrid ( tror jeg ) fra Lom! Det er så fint både diktet og håndskrifta, veldig koselig å ha! :)

    SvarSlett