To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 26. november 2013

I get so emotional, Brage

every time I think of you. Det er dette eg høyrer. Ho går rundt meg her og nynnar på ein gammal lettvektar av ein slager frå hårbørstemikrofonens dagar og ryddar alle desse tusenar på tusenar med bøker som vart levert inn att som ho ikkje rakk å rydde dei fyrste dagane etter at eg kom i hus. Ja, hei, forresten! Det er eg som er Bibliotek-Brage. Eller eigentleg Folkebibliotek-Brage, men Bibliotek-Brage til dagleg. Eg er glad i alliterasjon, veg 5,5 kilo, og det er mest så ein gjennomsnittleg bibliotekar strevar med å ta imot meg på strak arm.

Bibliotek-Brage
Du trudde kanskje at alle Brage var like, men slik er det ikkje, skjønar du. Det finst berre ein Bibliotek-Brage, og sjølv om vi alle er vinnarar, føler eg meg litt ekstra priviligert fordi eg er heile Norge sin. Eg høyrer til i kvar ein avkrik og avkrok av landet. Ja, i kvar tettstad og storby med. Kjenner meg like heime på Tøyen som i Målselv, i Ulvik som i sjølvaste trønderhovudstaden, sjølv om dei gjekk avstad og tapte cupfinala mot Molde, da guht! Eg har nydelege bokheimar i begge byane.

Ingen Brage har fleire eigarar enn eg. Den vêrtekne mannen som kjem innom for å lesa avisene kvar morgon, blunkar til meg i det han går forbi og tørkar ein liten tåre frå augekroken. Han skuldar på ryggen og den strie novembersnoa, men vi veit betre, vi som held til her i livets varmestover. Og tenåringsjenta som fyller bibliotekposen fleire gonger i veka. Ho måtte bort og ta på meg her om dagen. Eg kjende varmen frå den kalde henda hennar og såg ho stod der med Fallen engel i handa. Og så trommisen på elleve. Bibliotekaren foreslo Bieberboka og One direction for han her om dagen, herlegheit, men eg høyrde han la røysta i eit djupare toneleie og såg tinder i augo hans da han gjekk ut att med Innfødte skrik: norsk svartmetal, Norsk rocks historie: fra Rocke-Pelle til Hank von Helvete og namnebror Munch-Brage. Og så tenåringsgutane som står på venteliste på Hått. Som midt i verste stemmeskiftet kan fortelja at dei såg bibliotekaren på TVn. Og alle lærarane, sjukepleiarane og legesekretærane rundt omkring i landet. For du veit vel at dette er dei mest blodtørstige lesarane? Dei fyrst til å setja seg på venteliste på krimmen. Jo meir bestialsk, jo betre. Og dei små gutane i fyrsteklasse som sit her på golvet framfor meg med bøker om universet, ivrige peikefingarar og stjerner i augo. Og ho som kjem med utklipp frå avisene. Av meg!

Hadde eg hatt tid, skulle eg fortalt meir om den fantastiske kvelden da eg vart utdelt, men det er snart opningstid og bibliotekaren framfor meg er aleine på jobb og kan ikkje bruke for lang tid på desse skriveria, seier ho. Eg må berre få nemne at eg har undra meg over mykje etter at eg kom hit. Alle desse vakre lånarane og den gode bokpraten, er ein ting. Noko anna er bibliotekaren som tok imot meg. Eg reknar med ho har flust opp av blåmerke oppetter armen, for rett som det er, sit ho og klyp seg att. Og så høyrer eg ho nemner noko om stor ære og stor glede og ikkje til å tru og så ler ho og så tørkar ho tårer. I smug, men eg ser det nok. Må vera veldig emosjonell. Sikkert hormonar. Og så pratar ho varmt om folkebiblioteka, bibliotekarane og kor viktig formidling er i vår digitale tid. Og om viskvinnene som er heime og held hjula i gang medan ho er ute på eventyrlege oppdrag. Og dei andre Brage-vinnarane, da! Når ho nemner Urd står tårene i augene att, og ho seier med litt skjelvande røyst at Seselja er ei kvinne alle burde bli kjende med og ta med seg vidare i livet. Munch har ho som sagt lånt ut, og ho har betrudd meg at ho tykkjer det er stor stas at halvbroren min står og ser på sjølvaste Kverneland når han teiknar. Og praktverket Norsk Etymologisk Ordbok som veg nesten like mykje som meg! Denne har ho ynskt seg til jul. Og så må ho sjå til å få lese Så vakker du er av Brynjulf Jung Tjønn.

Med dette helsar eg til heile folkebibliotek-Norge. Eg ser fram til å koma til fleire av bokheimane mine i tida som kjem. Hurra for folkebiblioteka! Hurra for meg!

Bibliotek-Brage

Ho fekk det travlet med nokre lånarar, men Bibliotekar-Rita ropar i forbifarten eg skal helse frå ho òg.

Og til slutt må eg nemne at da bibliotekaren fekk brev med gratulasjonar og gode ord frå den gamle lærarinna sin som bur i Halden, som ho ikkje har hatt kontakt med på nær 30 år, da greidde ho ikkje å skjule tårene i det heile. Eg skal seia så mange takk, Ragnhild!

5 kommentarer:

  1. Hurra for folkebibliotekene!

    Hilsen en av bibliotekarene på Stokke bibliotek, Wenche.

    SvarSlett
  2. Så utrolig bra du skriver, Rita. Jeg blir helt... Åh. Det er varmt og fint og helt herlig. Takk!

    SvarSlett
  3. Det er det aldeles nydelegaste og mest fortryllande eg har lese på laaaang tid. Det var mest som eg følte eg gjekk bort og tok på deg, eg òg, Brage. Og etterpå gjekk eg bort til ho fine venninna mi og gav henne ein ekte knuseklem. Det skjer ein gong. Eg lovar!

    SvarSlett
  4. Hurra for folkebiblioteka, Wenche! Einig, Gunvor. Hjarteleg takk, Kristin og Synneva.

    SvarSlett