Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 19. november 2013

Og vinnaren er...

Denne tysdagen lova vi å leggje ut lista over bøkene vi har prata ut til lomverane saman med den fantastiske bacalaoen til Schakenda. Vi lova å skrive nokre få stikkord om kvar av bøkene som rørde oss mest i året som har gått. Vi lova å leggje ut lenkjer til forfattarane og bilete av bøkene. Vi er gode på lovnader. I dag glapp det.
 

Grunnane er mange: det har vore møte, sjukdom, julebøker som skulle fram, høgtruvande bokhaugar som laut ryddast, e-postar som skulle svarast på, telefonar som måtte takast, samt blide lånarar som skulle få det dei har krav  -og gjerne litt til. OG sist, men ikkje minst: BRAGEPRISEN 2013!

For få minuttar sidan gjekk bomba, og vi kan i kveld stolte gratulere alle våre gode folkebibliotekkollegaer som VINNARAR av ÅRETS HEIDERSBRAGEPRIS 2013! På vegne av alle folkebiblioteka i landet var det ei kongeblå dronning frå Lom som tok i mot prisen og rørt laut svelgje meir enn ein gråtkvalt hikst då ho takka alle dei vakre lånarane som er grunnen til at folkebiblioteka i det heile eksisterer. Vi legg oss i kveld audmjuke, og kjenner yrkesstoltheita strammar til i nakkesenene. Vi gjer ein viktig innsats for litteraturen, for menneska, for kulturen og for forfattarane, ein jobb som vi i framtida må utvikle og vidareføre med stø hand. GRATULERER alle saman!

I tillegg kan vi gratulere Ruth Lillegraven med ein verdig pris for si vakre diktsamling Urd, som rørde både sjefen og meg til tårer på togtur heim frå Italiareisa vår. Dette var på sin plass, Ruth!


Årets vinnarar av Brageprisen. (F.v.) Ruth Lillegraven, Steffen Kverneland, Brynjulf Jung Tjønn, Folkebiblioteket representert ved Rita Mundal, og Yann de Caprona.

Dei andre vinnarane er:
  • Brynjulf Jung Tjønn i kategorien barne- og ungdomsbøker for romanen «Så vakker du er»
  • Steffen Kverneland i kategorien sakprosa for «Munch»
  • Yann de Caprona i kategorien åpen klasse: faktabøker for voksne med «Norsk etymologisk  
  •      ordbok»

    GRATULERER så inderleg mykje alle saman!

    Bloggar: Merete Folkebibliotekar!

    3 kommentarer:

    1. Må få Gratulere til alle bibliotekarar frå oss som låner bøker!

      SvarSlett
    2. Det er SÅÅÅÅÅ fortjent, og fabelaktig fint at dere har fått en slik heder!!! Dere er verdens beste, uten tvil!!!

      SvarSlett
    3. Oi så flott, så supert! Og du var så nydelig i den blå kjolen!

      SvarSlett