Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 12. november 2013

Ein fin tanke




Det finst så mange dører inn mot ukjendt lende.
Dei fleste let seg opne om vi tør noko nytt.
Vi kasta oss ut i det -med EU-middel i kofferten!


Dei toscanske dagane vakna i langsame drag, 
tok seg tid til å kjenne på stunda.
 Det tanande jaget, kulden og maset heime i nord vart gløymt, 
 vi var fortapte i mellomaldersk nostalgi.
Slikt gjev god grobotn for prosjektmøte.


Her kappast ein ikkje om flottaste hagen, 
tek i bruk det ein har for handa.
Blant høge murbygg fanga detaljane augo, 
fantasien fekk føter å gå på så det held. 
Kven bur bak desse gluggane, med utsyn over dei flate viddene?
Kva drøymer dei om, dei som bur midt inne i eit eventyr?
Kvar hadde sokkane gått før dei vart hengde til tørk?


Og dei toscanske markene -alle desse vekstene vi meinte å kjenne att.
 Brune solsikker med hovudet bøygd mot den tørre jorda,
 maisstenglane som struttande tvilheld på den uvanleg varme seinhausten.
Og tobakken, den lokale, mildt karsleg duftande sigaren som vippa stolt i munnvika på italienaren. 
"Vi dyrkar han her, ser du!" Eit kry stjerne glimta i auga.


Marknaden i den vesle grannebyen frå renessansen. 
Brusteinlagte gater bogna over av reiskap og utstyr frå krigsdagane, 
LP-plater, modellkampfly, mortarar, bøker.
Ho Sjølv har nok ein taus draum om å vere pilot i flyet der assistenten ikkje har noko ho skulle ha sagt.
Det skjer ikkje. Ho er den beste sjefsbibliotekaren i det vesle landet i nord. Det held. Lenge.








Assistenten, derimot, fantaserer om dei nære ting. 
Som ei stille stund ein tidleg morgon utanfor mellomalderborga. 
Ein rusletur til fjelltoppen bak den store tobakksmarka.
Eller ein kitlande sprel innover ganen. Det siste gjekk i oppfylling. 
Det er støtt godt med slikt som kitlar. I alle fall nesten.


Kven kunne vel tenkt for 35 år sidan at dei to små klassevenninnene  frå den vesle bygda skulle dra til Tyrkia og Irland på prosjektreise? Kven kunne drøyme om at desse to i framtida skulle samarbeide med eit eldgammalt, stasleg teater i Toscana om intergrering av minoritetar ved å fortelje historier? 
Nett vi to kunne drøyme om det. Og nett vi to gjorde det.


Mellomalderske kyrkjeklokker kling framleis i minnet. 
Dei toscanske viddene, dei nostalgiske murborgene, alle dei store, historiske slaga, skjebnene 
-alt ligg godt gøymt i ei lita vogge bak i hugsen.Vi ruggar vogga av og til, vekkjer minne saman.
Eller kvar for oss.


Med 12 bibliotekboksarar mindre i bagasjen på heimturen, var det berre på sin plass at sjefen fekk servert boxerchips på flyet. Vi tenkte på alle dei nordmennene, italienarane og irane 3 vise no vermer rompa på. 
Ein fin tanke.









Bloggar: Assistenten med fine tankar i bagasjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar