Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 5. november 2013

Anghiari. Anghiari!

For halvanna år sidan, sat to såkalla viskvinner i ein bokheim ikkje så langt herifrå, men det kjennest ganske lenge sidan. Dei sat og vog for og imot. Dei hadde mang ein ball i lufta frå før. Barne- og ungdomsbibliotekaren hadde eit år med eit tjuetals bokpratar med tilhøyrande førebuingar friskt på minnepinnen. Hi hadde brukt våren til å sanke nye studiepoeng med tilhøyrande mappeinnleveringar, førebuingar og fråver og samvit og eigentleg burde vi roe heilt ned nå, ta att det forsømte og konsentrere oss om å vera gode husmødre på bokheimebane. Men utlysinga var for freistande. Dette var noko vi ivra for. Idear poppa opp. Tankar tok skriftleg form og ein times tid seinare var søknaden sendt Oppland fylkesbibliotek underteikna Your sincerely, Tre vise kvinner, Lom. Og så vart vi forsyne meg dei heldige utvalde som fekk lov til å delta i EU-prosjektet The Stranger.

Fløyelskveld ved Pantheon

Og da vi sat der på busshaldeplassen i Anghiari (smak på ordet) i historisk sus og mild morgonsol
da vi sat der blant upålitelege bussar og drosjer i riposomodus
da vi sat der og eigentleg skulle vore på togstasjonen i Arezzo (smak på ordet)
da vi sat der og skulle attende til Roma (smak på ordet) for å fly bokheimover
da vi sat der på koffertane, senka vi akslene likevel og let det sige innover oss kor ufatteleg privilegerte vi var som fekk ta del i dette prosjektet, om vi så skulle misse alle komande avgangar.

Anghiari. Anghiari.

Og da vi sat der, tenkte vi at det var orda vi sende i tvil og hast frå tastaturet bokheimsins som hadde tatt oss hit. Og vi tenkte at ord er så mykje meir enn makt. Og vi tenkte som Tor før oss, at ord er under.

Norge, Nord-Irland, Italia

Ord er ein teddybjørn som saknar den vesle guten som ligg på eit sjukehus i Irak
Ord er tortellini med trøflar og Valdichiana Toscana 2011 Rosso
Ord er ein liten tiggar på gata i Istanbul med augo som har slutta å tigge
Ord er Roma framlengs og baklengs
Ord er er to sovetabletter i ei nattbordskuffe i Kabul
Ord er Andrea, Hanne, Katy, Merete og Michele, Paolo, Ummu, Silje, Sara og Steinar
Ord er Forza! Forza! og minst möjliga margin for å nå toget til Arezzo
Ord er blodsmak i munn og skrikande tarm
Ord er Urd
Ord er tårevåte bibliotekarar
Ord er fnisete bibliotekarar
Ord er sist og størst takknemlege bibliotekarar

Smug-guiding

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar