Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 8. oktober 2013

Studieturisme

I dag slår vi eit slag for studieturismen! Tenk at det finst biblioteksjefar som inviterer med seg staben og køyrer 43,5 mil den "fordømte vegen" frå Sarpsborg til Lom for å besøke Årets bibliotek! Slike studieturistar set vi stor pris på, Anette Kure!

Bibliotekarane i Sarpsborg er studieturistar i Lom.

Og vi skulle ordne til dei kom.

Vi skulle sjølvsagt røske ut dei hanglande sommarblomane som har stått for tynnkledde utover hausten utanfor bibliotekdøra.

Vi skulle sjølvsagt ordne den halvferdige utstillinga med haustlektyre til store tekoppar.

Halvferdig utstilling med dikt og nokre Nobel-favorittar og slikt.
Vi skulle sjølvsagt ta på pensko som skulle matche den resterande bibliotekaraotfiten når det kom byfolk på besøk.

Vi skulle sjølvsagt rydde i alle hyllene for ikkje å tale om bomberommet til sjefen med liten s og stor bunke. Dokument med skumle tidsfristar sjølvsagt.

Sjølvsagt skulle vi det. Men. Dette er ei av desse vekene med berre unntaksvis stillstand, og i går hadde vi avslutning på leselystkampanjen Sommar+Bok som biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen har arrangert i sommar og plutseleg dukka ein uventa bokpresentasjon opp for barnebibliotekaren og plutseleg troppa to klasser opp og plutseleg var det på tide og blande 40 liter saft og vera pizzaekspressive bibliotekarar med 20 dampande pizzaer og eit 80 tals munnar å mette. Og plutseleg var dagen gått.
Ivrige lesarar i Lom.
Når det gjeld Sommar+Bok, har totalt 412 lesarar i beste grunnskulealder frå vår region lese 6285 bøker. Ja, du las rett; 6285 bøker! 90 av desse bur i Lom og har lese 1545 bøker. Vi har ein felles hovudpremie, ein iPad som Sparebank1 Lom og Skjåk sponsar oss med. I år var vi så heldige at iPaden hamna her i bygda, og den glade vinnaren vart Gjermund Olsen som går i 2. klasse på Loar skule. Hurra! Nytt av året er dei fine armbanda som har freista ungane til å lesa meir. Dette førte til at talet på deltakarar auka med 95% og talet på bøker som vart lese med 170%! Eit lite, men effektivt lokkemiddel for å få ungane til å lesa fleire bøker.

Og sjølv om vi ikkje fekk ordna alt som vi hadde tenkt til særpingane kom, håpar vi at dei hadde utbytte av besøket. Vi håpar at vi greidde å inspirere dei og vise at ein kan få til mykje med relativt små ressursar. Og sjølv om det høyrest i overkant positivistisk ut, handlar det om å sjå moglegheiter i staden for begrensningar i biblioteksektoren som elles i livet. Gjer det beste ut av det, alltid og uansett, seier bibliotekaren på gode dagar.

Og resten av veka? Besøk av fylkes- og nabobibliotakarar i  morgon, så studieturisme for den priviligerte mens bibliotekdriftige viskvinner held bokheimen i hevd.

Rita


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar