Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 15. oktober 2013

Alle gode ting



Midt i bestillinga
midt i travlaste bankidtida
midt i haustlege bibliotekardraumar om Roma
og Fontana di Trevi, Petersplassar og andre trevilege
romatiske plassar og ordspel om alle vegar som fører frå Lom til Rom



kom ho med Marie Takvam i handa og las dikt for oss om
nedsunkne livmødre, utsogne bryst merkte av små barnetenner,
blaute barnekyss på morskinn, om desse kroppane som veks til og
blir vaksne og tittar inn i døra til deg ein av desse
kalde, klåre dagane
slik at bibliotekaren måtte sjå ut glaset og raskt tørke bort noko rusk frå augekroken


i det det banka på døra og postmannen stod i opninga med smil og bokpakke
frå ingen ringare enn Johan Mjønes som hadde sendt den
rykande ferske boka si med sirlege helsingar til bibliotekarane.
Sett slik!

 
Slengkyss til Aud og Johan for diktopplesing og bøker, da gitt!
 
Rita
 
 
 
 

 
 
 
 



 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar