Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 1. oktober 2013

Solistar og rosa klin



Trollkremsveiva
Strangerane i Norddalen har møtst att. Denne gongen til musikalsk aften med trolske undertonar, akkompagnert av kveke lattersalver og intens skraping av søtseige dessertfat. Elevane på norskopplæringa hadde på førehand vore i skogen og sanka tyting i bøttevis, så Trollmor sveiva i gang eit par gilde porsjonar søt, norsk trollkrem før storinnrykket. Attmed kjøkkenassistenten reinska friviljugmammaen bæra med lange, vante fingrar, medan biblioteksjefen laut døyve dei langdruge eftasgeispane sine med spelmannskaffe. VaksenopplæringsAnita sjølv tok ei kjapp lynøving på tvauradaren attåt vispeduren... Så var det straks klart for bordsetjing!


Bærreinskarfingrar...
Spelmannsfingrar...

Ved møteopning var geispane som drukna i kaffien -stemninga var ei god blanding av forventing avventing -kva var vel dette rosa klinet i glasbollane på bordet? ...og nordmennene forventa vel ikkje at dei nye landsmennene- og kvinnene skulle framføre solonummer under seansen?? Ja, for kva er eigentleg ein musikalsk aften? Totalt 18 personar fekk vi pressa innåt bordet, før Øyvind med gitaren også dukka opp litt seinare, men den smånervøse latteren gjekk fort over i glade tonar.


Kva i alle dagar var dette for klin..?



"Det var en gang et troll..."
"Mor`n, mor`n, mor`n, jeg heter Merete. Mor`n, mor`n, mor`n, hva heter du?" Ei laaang remse med kjende og meir ukjende namn skulle vi hugse gjennom kvelden, og songen var eit hjelpemiddel på vegen. Og med det var det gjort: Fader Jakob tona som kanon gjennom kantina på ungdomsskulen, både på norsk og eritreisk. Vi fekk ein "Vente-på-bussen-song" frå Tigrinja, og ein ung, afghansk gut song heilt åleine ein nydeleg tradisjonell voggesong han hugsa frå barndomen. So ro lillemann fekk dragspelsk tonefølgje, medan Øyvind høgda steminga hakket tøffare med songen om det rocka trollet -og ALLE song med! Trollmor som har lagt alle dei 11 småtrolla vart også repetert gong på gong.



Innimellom all låtten og songen høyrde vi utpå kvelden ein nydeleg barnesong frå ute på gangen. Der stod dei to yngste deltakarane på 2 og 5 år og song Lille Petter Edderkopp med stor innleving! Dei vaksne vart inspirerte, og fylgde opp med Hode skulder, kne og tå -til trollkremen dissa farefullt under beltet...
...og Petter ned han datt!

Og medan den eldre garde vralta seg sveitte attende til krakkane sine, etterlyste ungdomane dans! Såleis vart det også både reinlendar og vals på sokkelesten, før vi takka for ein frisk kveld i haustmyrkret. Neste gong er det duka for Ungdomskveld i The Stranger, og om ein månads tid dreg sjefen og undersotta hennar til Italia for fagleg påfyll i høve prosjektet. Bittelitt heldige, kan ein seie :-) Så får det berre stå si prøve at barnebibliotekaren i går fekk konstatert at synet har konvertert frå nærsynt til langsynt -det eine er like bra som det andre!!

Rosa-klin-bloggar: Merete





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar