To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 24. september 2013

Under formidlande omstende

Måndagmorgon. Eit tett lag haustskodde ligg tung mellom hjerneborken og hjernestamma. Trøytte tankar sig sakte i grålysinga. Tynga av bøkene og avisene du ikkje har lese i helga. Eit styng av dårleg samvit under bringebeina for den store reiseverksemda som fører med seg biverknader for dei som held bokheimen i gang.

Ho er på plass. Kvikt og opplagt kvitrar det Hei bak skranka. Sikkert ferdig med alle morgonrutinene både heime og bokheime og nå kjem du, liksom... Skundar meg inn på kontoret. Pakkar raskt og effektivt ut PC, koplar til, loggar på, støyar litt ekstra så ho skal høyre effektiviteten, ropar fram at eg har selt over 20 bibliotekboksarar i Akershus, noko tenleg kjem det da ut av all reisinga. Må ha kaffi, berre må ha. På pauserommet ser eg han. Den gedigne haugen med bøker ho har lese i helga. Tjukke mursteinar av nokre fantasybøker tronar mot meg på pulten. Laurdagsvakt hadde ho attpå alt. Har bokpresentasjon i 10. klasse i dag, kvitrar det. Om eg kunne få bruke litt tid til å førebu meg nå... Kaffe, kok deg og raise me up! Sjølvsagt skal du få førebu deg. Og ta deg for all del ein kaffikopp du, òg!

Ruvande bokhaug
Innimellom slurkane fortel ho glødd om alle desse fantastiske ungdomsbøkene. Nye Bruheim om valdtekt av ei ung jente på ein fest. Eller var det valdtekt? Rekrutten som teikneserie. Er med i txt i år. Mitt bankande hjerte av Walgermo om organdonasjon. Om eg har lese ho. Mursteinsboka Gone. Perlene eg har høyrt om før; Sammen skal vi holde himmelen og Nærmere høst. Om eg har lese dei nå? Dei MÅ du berre lesa, altså. Håtte scener i Hått, hå hå! Playground om 50 Cent... Eg fell av. Tenkjer i mitt stille samvitssinn at i morgon skal ho få ein blogg. Because she's worth meir enn alle fuktige og foryngande L'Oréal-kremar til saman.

Utpå dagen vart tanken styrkt. Brått stod 5 smukke, unge menn framfor skranka (Desse var forresten små gutpiltar som sat på golvet framfor skranka og blade ivrig i Starwars-bøkene berre for kort tid sidan!) Dei skulle ha Rekrutten, krim, Metro 2033 (knipe ta!), Jeg går først om Nokas-ranet og så kom jentene. Sammen skal vi holde himmelen, Det som er sant, Playground, Nærmere høst vart utlånt alle som ei. Læraren hadde åtvara før ho gjekk inn i klassa, at dei var litt reserverte, ikkje så lette å begeistre. Men etter litt høgtlesing frå Hått med lett raudnande lærarar i salen, var det gjort. Eg veit ikkje, men eg trur det var noko anna enn plikt og tvang eg såg i augo hjå dei smukke, unge lånarar. Det er lov å håpe, for under formidlande omstende er ho eit funn!

Kva er smukkare enn ein kø med unge menn som vil lesa? Not much!
 
Mitt ynskje for bibliotek-Norge: At alle kommunar tek seg råd til å tilsetta ein barne- og ungdomsbibliotekar med formidlarkompetanse.

Rita, med store uleste bokhaugar

2 kommentarer:

  1. JA!!! Trur eg må tipse politikarar, lærarar og oppvekstansvarleg om bloggen dykkar...

    SvarSlett
  2. JAAA -då gjer du Midsund -og oss- ei velgjerning, Brit Merete :-)

    SvarSlett