To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

onsdag 18. september 2013

Onnbroksalg og lårhøner frå Lom


"Men i reine væL`n! Ha døkk bynt sælt onnbrøk au, nå??" Det første lånarane våre møter når dei kjem inn døra vår er eit meir eller mindre opplagt kvinnfolk solid planta på skrankekrakken attmed eit par ulideleg snertne boksarar. Den spreke fargen og det sømelege snittet, kombinert med klingande midjetekst og lekker illustrasjon ved venstre lår, dreg merksemda naturleg mot det noko uvanlege bibliotektiltaket. Både bygdafolk og tilreisande har krossa ende over seg over tilbodet, og det er allereie rett så mange som reklamerer for Årets bibliotek 2012 under broklinninga.




Det seier seg sjølv at ein kvar institusjon med respekt for seg sjølv bør fremje verksemda si for verda utanfor. 3 vise har i fleire år prata om å trykkje opp T-skjorter med eigen logo på, med planane har vorte hengjande på pauserommet. Vi har i staden prioritert å spreie kvardagslege bibliotekhendingar på sosiale media, samt prata varmt om arbeidsplassen vår ved alle andre (u)tenkjelege høve. Då vi kleiv til topps på stigen i hard konkurranse med ei mengd andre tungvektarar, fekk vi derimot fart på planane. No er vi vande med å stinge oss litt ut og fram, så valet fall naturleg på undertøy: Ingen skal lenger kome her og seie at vi er PR-kåte, nei -vi gøymer oss helst bort i buksene på folk... Sjakktrekk! Boksarane har skapt gild merksemd kring det vesle biblioteket i Lom, og fleire har allereie bestilt det lekre underet også over nettet! Salet starta under Diktardagane, men vil halde fram så langt lageret rekk. Både store og litt mindre har sagt at dei ønskjer seg det unike plagget i julegåve!



Gromme lårhøner -av det heilt trygge slaget

Fleire menn har vore opne om at dei ikkje tør kjøpe seg boksar med bilete av andre kvinnfolk på låret i frykt for kva kjerringa vil seie, og vi var redde for at salet ville stagnere i nett dette. Det syner seg derimot at kvinnfolka glatt inveseterer i vidunderet til sine kjære, i god tru om at eit par-tre bibliotekarar på låret er så aldelest truskuldig... (Desse kan umogleg ha sett biletet av fjorårets beste biblioteksjef liggjande som levande reklame på skranken her!)

Dersom nokon langvegsfrå er interessert i ein boksar litt utanom det vanlege, med flott reklame for bibliotek, Lom og Tre vise, er det berre å sende ein e-post til biblioteket@lom.kommune.no Eller de kan ta turen om Lom folkebibliotek -som alltid set pris på besøk!

Bloggar i tide: Merete

3 kommentarer:

  1. Tror bare jeg må slå til her! Kjempestilig onnbrok!

    SvarSlett
  2. Men lårhøne, er det gammel dame, eller?.

    SvarSlett
  3. Onnbrok til nord skal bli, Gunvor :-) Desse lårhønene er yndige vesen som gjer lite av seg, men som blir sakna først når du ikkje har dei lenger. Held seg godt, kaklar sjeldan, og tittar fram kun i spesielle høve ;-)

    SvarSlett