Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 22. oktober 2013

Pionerar i skjørt

Mange betydningsfulle kvinner har gjennomført store reiser opp gjennom historia. Marie Curie, eller Marja som ho heitte den gongen, gjorde si livs avgjerande reise då ho som fattig tjuefireåring reiste frå Warsawa til Paris for å studere, noko som indirekte førte til at ho fleire år seinare vart tildelt nobelprisen i fysikk saman med ektemannen Pierre.

Botanikaren Hanna Resvoll-Holmsen reiste i 1907 til Svalbard på ein ekspedisjon støtta av sjølvaste fyrsten av Monaco, noko som skulle bli opptakta til fleire ekspedisjonar som naturforskar på eiga hand.

Ingerine og Gurine frå den vesle husmannsplassen Rui i Telemark reiste kun ein gong i livet, og då tok dei turen til sjølvaste Kongen! Trudde vi. Men no lyt historia skrivast om. Dei to knøttsmå kvinnfolka har faktisk nyleg vore på tur til Roma -med fly! Så urøynde var dei derimot på flyreiser at dei gløymde å kome seg av flyet i Roma, slik at dei vart med på den direkte returen til Oslo. Der vart dei trygt teke hand om av ein forbipasserande passasjer og geleida inn på Drammen bibliotek. Saumlause bibliotek er kjende med bortkomne søner og døtre frå før, så Rui-jentene kom seg trygt heim til bokhylla på Lom folkebibliotek via Norsk Bibliotektransport --naturlegvis :-)

Om eit par dagar skal to andre flyssførkjer (les: damer i skjørt) gjere si viktige reise. Med same
reisemål som Rui-jentene satsar dei to på å karre seg av flymaskinen i Roma, slik at dei får oppleve Italia på rett. Gilde kontaktar i EU-prosjekt fører damene ut i verda; dei let oktobersnø vera oktobersnø, pakkar sommarskoa og fjonge boksarar, og fer luftvegen til partnarskapsmøte. Medpassasjerar treng ikkje uroe seg for upassande forstyrringar frå damene, som har investert i sov-i-ro og avtala at reisetida skal nyttast til effektiv lesing -ikkje våsprat og fliring, som kanskje andre kunne funne på... Timeplanen er booka med bokpratkveldar for vaksne etter endt reise, så sjefen seier vi ikkje kan prate oss bort...


Stri bust er skrapa av leggar og armholer i fleire omgangar, då desse ikkje skjønte vitsen med snøying etter det første snøfallet, og sommarkjolen er rista fri for kattehår. Stenging av biblioteket neste tysdag er annonsert, og alt er klart -vi fer! Arrivederci!

Glattbarbert bloggar: Merete

2 kommentarer:

  1. Huttetu for et bilde da du, det nederste! Tytty me! Men ellers riktig god tur. Roma er underbar, rett og slett! :)

    SvarSlett
  2. God tur i viktige kvinners fotspor. Nyt ferien!

    SvarSlett