Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 30. juli 2013

Øisteins boksar


Fredag hadde lomsbibliotekarane ein svært så hyggeleg date med Øistein etter at han hadde teikna usynlege menneske med ei mengd ivrige, små kunstnarar i Steinfjoset. Vi smurde ganen med Schakendasmakar frå det nyopna bakeriet, oppglødde over at så mange born kjende att fjorårets bibliotekarar! -Heilt til Øistein med vande fingrar plukka visittkorta or bermudalomma og signerte med sirlege krusedullar... Vi trekte etter kvart innomhus for den steikjande sola, der dokøturistane stod med mindre kledelege hakesleppar og var vitne til at fleire tøffingar slengde seg utfor Prestfossen i zipline!

Øisteins boksar
"Detta hadde`kke jæ turt!" Øistein hadde vindaugsplass rett over fossen, og meinte dette var hasardiøs aktivitet kun for hardbarkingar. Bibliotekarane veksla blikk -og dermed var utfordringa eit faktum. Eg blir så lett riven med, og ymta nesten lydlaust frampå noko om at dette kunne vel ikkje vera så farleg... "Detta tørst nå kje du, som kje eingong tør sita på sjå nugun i bil!" harka sjefen i med det same. Med sjølvaste Øistein med Blyanten rett overfor meg kunne eg rett og slett ikkje gå attende på det eg hadde kviskra fram, og BANG! -der var veddemålet på plass. Men eg sette eit krav: dersom barnebibliotekaren skal kaste seg utfor det frådande skummet, skal også sjefen gjere det -ikledd verdas mest sexy boksarshorts, som vi endeleg har fått i hus for sal!


Dermed reknar vi med at dette blir eitt av mange store høgdepunkt under Diktardagar denne helga: Ei -eller to, alt etter som- av tre vise dinglande i zipline under Prestbrua med Årets biliotek rundt midja! Sidan kan den som ønskjer det, stikke innom biblioteket og kjøpe ein lekker boksar til glede og nytte for seg sjølv eller i gåve til ein nær venn. Som vår innleigde modell under syner, sel vi for høvet også t-skjorter med Tor Jonsson på bringa. Båe artiklar finst i både kar- og kvinnfolkmodell, og underteikna har slik heilt på eiga hand funne ut at dei er små i storleiken...


 
 
Bloggar som ikkje fekk modelljobben: Merete


1 kommentar:

  1. Gå ta banen for en sexy undik! Måtte salget gå strykende!

    SvarSlett