To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 26. februar 2013

Stafett er stafett

Okei. Vi skal ikkje gå i detaljar om større og helst mindre personlege tragediar som ramma oss førre veke. Som influensa rett før startskotet for Bibliotekstafetten. Som bibliotekplansamlingar som gjekk fløyten på grunn av same virus. Som at dei langvegsfarande gjestane vi hadde invitert til stafettopninga stod der utan togbillett og førarkort dagen før. Vi skal vie liten plass til skissofrenske førebuingar til presentasjon av skisse for Diktarhus same virusveke. Vi skal ikkje leggje ut i det vide og breie om kor letta vi blir på tampen av ein slik virusvekefredag når Ottar Grepstad frå Nynorsk kultursentrum klør seg i skjegget og ser fram til meir bakarvare frå Bakeriet og vidare samarbeid om Diktarhuset. Eller når sjølvaste Arne Brimi applauderer planane ein har presentert og nemner identitet og geniale idear i same setninga. Vi skal heller ikkje koma nemneverdig inn på lettrørte bibliotekarar og at dei sjeldan hugsar kor lettrørte dei er, at dei av den grunn sjeldan er budde på der-ingen-kunne-tru-at-nokon-kunne-bli-rørt-situasjonar, og at dei ofte må ty til genserermer og blodstenkande leppebiting. Vi skal spare dykk for dette.

Boklampa torvtekt med Tor Jonssons samla dikt
Vi snakkar stafett. Dei tre langvegsfarande smilte sine søtaste smil til konduktøren og vart ikkje kasta av toget før dei friviljug steig av på Otta stasjon der dei skulle sjå etter ei stutt, men blid viskvinne som skulle ta imot dei med varm bil og kåpe med juksepels til ære for svinepelsen aka Kjelsen. Her bokheime hadde vi jaga virus på dør, rydda og tørka støv i alle hyller da bakemeister Morten troppa opp med fire marsipane kaker av beste merke til startskotet gjekk klokka tolv. Dei urbane og viskvinna kom, såg og fann fem supersandwich før showet sette i gang.

Reidar Kjelsen og ein fornuftig 4. klassing som ikkje har kjærast

Reidar Kjelsen sette støkken i lettskremde lærarar med sin utagerande bruk av vatn og sprittusj. Ungane i 4. og 5. klasse var heldigvis ikkje så lette å få ut av fatning, og fann dette hylande morosamt. Om kvelden kom dei att og synte fram monsterteikninga han hadde laga. Foreldre med frykt i augo fekk innføring i lange puppar med hårete vorter og sprettrumper med fjøring medan dei unge kjempa om å få låne bøkene hans. Vil de ha ellevill stemning i biblioteket, kan vi trygt anbefale Kjelsen for ungar i beste jentelusalder og hardcore bibliotekarar.
Brit Bildøen og Adam Hiorths veg

Etterpå starta kommunetyremøtet på biblioteket, Hege Newth Nouri frå Norsk bibliotekforening tente stafettlampa, og ordføraren og viskvinnene gløda om kapp. Brit Bildøen fekk ære av å gå siste stafettetappe inn til siger med Adam Hiorth og Jon Utskott som sykla Norge på tvers. I målområdet vaia rosa herretruser på tørkesnora.

Så ynskjer vi Bibliotekstafetten lykke til på si sigersferd gjennom Bibliotek-Norge!

Rita

Glimt frå feiringa:

Reidar Kjelsen når han ikkje drøymer om damer

Reidar redd for jentelus

Ei av dei marsipane kaker frå Bakeriet i Lom.

Hege Newth Nouri ser til at biblioteknåla kjem på hjartesida.
Bibliotekaren er stum tenar.

Ordføraren og bibliotekaren har tent glødelampa

Kjelsen teiknar svinepelsen





2 kommentarer:

  1. Godt at det gjekk bra! Eit interessant referat frå ei vellukka samling, høyres det ut som. Biblioteka gjer mykje bra!

    SvarSlett
  2. Takk for det. Det var ein flott dag på biblioteket. Ja, det skjer mykje bra og interessant rundt omkring i biblioteka.
    R

    SvarSlett