Den store for sjefen, den litt mindre for assistenten. |
Då lyt nok sjefen trykke ned ein kamel av større dimensjon i desse dagar. For her står huset på ende; det skal feirast, det kjem ei mengd fintfolk på besøk, det skal planleggjast, organiserast, delegerast, inviterast, pyntast, annonserast, twitrast, møtast, bloggast og ryddast. Fleire dagar på rad. I haug, med andre ord. Slik vi likar det best. Og SVOSJ, så aular feberen seg innunder huda og gneg seg godt til rette i blodbanene på den overstressa sjefen. Her på huset er vi jo aldri sjuke!
Det sat nok langt inne, men smått om senn laut ho innsjå at assistenten laut overta ansvaret for eit bèl. Hadde vi enda vore attende til blekk og fjør! Noregs beste sjefsbibliotekar er Noregs dårlegaste i å vere sjuk! Febersveitte fingrar måtte kommanderast under dyna pr sms etter ei mengd uforklarlege angrep på e-posten til sjefen. Medan barnebibliotekaren streva og skreiv meldingar til forfattarar og andre fine folk som står på besøkslista denne veka, datt e-posten ut gong på gong. Problemet løyste seg sjølv då det ved ei vellykka innlogging låg ein halvskriven mail og lyste mot meg av nettopp -sjefen! Sjølv i halvsvime frå sjukedyna berre måtte ho inn og sjekke at jobben vart gjort -og prøve og gjere litt sjølv også...
Kjære sjuke sjef: det blir feiring av Årets bibliotek torsdag kl 16.45! Ordføraren og kommunestyret kjem, Norsk bibliotekforening kjem, Reidar Kjelsen kjem og Brit Bildøen kjem. Schakenda bakar herleg kake, og kaffe kokar eg. Vi håpar at så mage som kan et tidleg middag denne dagen og kjem og høyrer den friske forfattaren Brit Bildøen fortel og les frå den siste boka si, Adam Hiorts veg! Alle lånarane blir heidra med gratis inngang på arrangementa og naturlegvis fri servering! Dersom helsa tilseier det, får også sjefen lov til å delta :-) Vel møtt!
Frisk bloggar i rute: Merete
Så flott, så spanande! Du/dere er så flinke! Og god bedring til sjefen!
SvarSlettDet skal seiast at det meste var i boks før sjefen kraup under dyna, Gunvor :-) Håpar vi ser deg her torsdag!
SvarSlettM