Pulten på bakrommet har i årevis fløymd over av sjokolade, nøtter, frukt, fuglefrø og tyggis -eit utval avhengig av årstid, buksemote og økonomi i personalgruppa. Inventar som har gjort e-postarbeid triveleg, og av og til litt ekstra sosialt. Slik er det ikkje meir. Sjefen har innført nye reglar, og bakromstida skal nyttast til anna enn knask, ja! Lesetid, kallar ho det. Og dyngjer ned den vesle pulten med tjukke aviser proppa med bokomtaler -lass så høge at dei sig utover bordet og dekkjer det meste av anna tenleg utstyr. Ein god tanke. Ein tanke som verkeleg fekk føter å gå på då sjøla i går ferdigstilte statistikken og gledeleg kunne konstatere at fjorårets formidlingstiltak innan vaksenlitteratur hadde gjeve målbare resultat: Utrulege 16% auke i utlånet av skjønnlitterære perler for vaksne er eit viktig prov på at det nyttar! JIPPIII!!!
I si fortviling vil Ho no innføre stjernelønsystemet vi har i minnet etter sundagsskulen sist på 70-talet; ei stjerne for kvart frammøte hos prestfruga før skituren med appelsin og kakao på bakglatte ski. Alle gullstjernene på den lokale bokhandelen har altså ei lysande framtid på kontordøra i gammelprestgarden i vente -kanskje. Det står no att å sjå kven som får flest stjerner på kortet for vel gjennomført lesetid innan sola snur -eg fryktar vel at ho knabbar dei fleste sjølv... I mellomtida skal eg kose meg vidare i smug heime på kveldstid med den uhyre velskrevne boka til Simon Stranger: En fremmed i verden. Det er ho verd -sjølv utan stjerne :-)Stjerneklar bloggar: Merete
(Biletet av søndagsskulekortet er henta frå bloggen Stilleben: http://stilleben-stilleben.blogspot.no/2011/11/sndagsskolen.html)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar