Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 12. februar 2013

20 bøker i timen

Tilfeldig og ikkje fullt så tilfeldig utval av titlar frå maratonpresentasjonen av årets bøker 2012, 5 timar, 100 bøker presentert av Linn Tønnesen Sølvberget, Stavanger bibliotek og kulturhus og Kjersti Torbjørnsen, Sola bibliotek. Vi gjer merksame på einskilde innslag av saftige jærskla gloser. Ikkje oss, altså!

Død og fordervelse

Heimfall av Eirik Ingebritsen: Førjulsblues. Sorg, sakn, alt vi teier om. Pustemaksin. Tisseposar. Sidehistorier. Ser ut som standard kulturfond bok, men veldig god altså! Bloggaren skriv under på det.

Bovara av Jan Roar Leikvoll: Skrekkroman med rystande skildringar. Munk forelska i eldre munk. medrivande historie. Bilete ein ikkje ville hatt på hjerna. Snerk på tissen. Gjer inntrykk!

Isberg av Lars Ove Seljestad: Ras tek med seg huset og foreldra. Ein ung gut blir att åleine. Om sorgreaksjonen. Vil ikkje prate om det. Redd for eigne kjensler. Litt rått språk. Møtet med loaklsamfunnet etter tapet. Akutt frykt for farleg raseri. Poetisk.

Ikkje direkte råka av Maria Tryti Vennerød: Tankar frå rettssalen, det som går igjånå håve ditt. Glimrande for elevar på vidaregåande. Nye tankar kring unge liv, Kva har eg å bidra med?

Historisk


Elixir av Gabi Gleichmann: Fantastisk bok. Tankane gjekk til Gravplassen i Praha av Eco. Jødenes historie. Ari Spinoza ligg for døden i Oslo i 1999. Når han døyr forsvinn slekta ut av historien. Gjennom forteljinga vil han leva vidare. Ingen grunn til å vente med å lesa denne. Ein fantastisk historie.

22 Britannia Road av Amanda Hodkinson: Eit par er frå kvarandre 6 år under krigen. Korleis finne attende etter å ha blitt framande for kvarandre?

Teltmakeren av Atle Næss: Paulus brev til Filemon er utgangspunktet. I brevet ber Paulus om nåde for slaven Onesimos, som har rømt. Om dei fyrste kristne samfunn. Paulus reiser rundt i Palestina og åtvarar folk mot Jesu lære. Ei skilsetjande oppleving får Paulus til å skifte side. Spennande og interessant historie. Eit møst for dei som elskar historiske romanar.


Inn i hovudet på ein forfattar


Monstermenneske av Kjersti Annesdatter Skomsvold: ME-sjuk. M(onstermennesk)E. Skriv bok om å skrive bok om å bli et menneske att. Enorm styrke ein hentar i ein sjuk kropp. Også morsom som Jo fortere jeg går... (som er aller beste humoren underteikna veit.) Vi gler oss til neste bok. For sure!

Dilettanten av Terje Holtet Larsen: Identitetsproblematikk. klang frå ei "svunnen tid og svunnen litteratur:" Dandyer, vestkant og livlause fasademenneske. Brodermord. Nøkkelhendinga formar resten av livet. Uelska barn. Gammelmodig, fornemt riksmål. Veldig godt skrive. Likt ho godt i litteraturgruppene.

Love. Love. Love. All you need.

Svar på brev frå Helga av Bergsveinn Birgisson: Brevroman. Nominert til nordisk råds litteraturpris. Arkaisk-islandsk nynorsk. Hyllest til sjølvbergingssamfunnet og kjærleiken. Historien inni historien. Skeptisk til språket på starten, men gje for all del ikkje opp på grunn av språket. Det kler historien så godt. Etter endt lesing: Kva skal vi med bokmål? Kvifor vann ikkje dette språket over dansken? Om tilhøvet mellom bonden og nabokona. Erotikken tek plass i naturen. Klasking i tuvene. Perfekt gåve til Valentin til bokelskarar!

Et siste kyss av Marita Fossum: Kald narsissistisk mann som knuser kvinnehjarte. Blir innhenta av fortida. Handlinga skjer i løpet av eit døgn. Eit skjebnespel. Litt Agatha Christie-krim.

I skyggen av store trær av Kristine Storli Henningsen: Debutant, men har gjeve ut serieromanar. Elska av bibliotekarane i Stavanger, men nulla av Norsk kulturråd.

Rampelys av Espen Lund: Debutant. Handling frå Trondheim. Fråskilt kommunal byråkrat med dotter, ventar på at draumedama skal dukke opp. Vil inn i rampeljoset ved å gjera karriere innan burettslaget. Ein liten Narvestad?

Konglehjerte av Laila Sognæs Østhagen: Debutant med særeigen forteljatstemme. Minnar litt om Skomsvold, gode setningar! Samlivsroman om to kvinner, den eine rett, den andre vrang. Krise oppstår når den eine vil ha barn. Nydeleg roman. Kjekk å lese!

Kort og rar

Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar av Bjørn Sortland: Ugifte Ivar, fundamentalist, ekstremist. Trur på den absolutte kjærleiken og ekteskapet. Koste kva det koste vil. Har aldri kysst, i alle fall ikkje p... (Merete noterer Upult). Føler at livet har meir å by på. Møter vakker russisk kvinne. Vil gjera kva som helst for henne. Årets tittel! Og framside (red.anm.)





Mamma, pappa, barn

Ned til elva av Leif Enger: Nydeleg! Ei av dei beste i 2012. Om ein far og hans kjærleik til ungane sine. Fantastisk lesefest. Forteljarstemma det aller beste. Årets framside II.








Når det butter i mot

En fremmed i verden av Simon Stranger: Twistpose av ei bok. Passar for menn. Også. Ein stor roman! Genial! Årets framside III.

 

 

Rita

3 kommentarer:

  1. Så flott med eit lite referat her! Hjarteleg takk!

    SvarSlett
  2. Tusen takk bloggingen. Jeg er beæret :-)
    Masse hilsener fra Linn Tønnessen

    SvarSlett
  3. Berre hyggeleg, Linn! takk for god og imspirerande presentasjon!
    R

    SvarSlett