Nykokt truse før samanbretting |
Med blått blod hektisk strøymande gjennom årene er sjefen det klåre motstykket. Denne gongen blir ho derimot ikkje med. No kan eg ikkje stø meg til lyden av dei klakkande hælane hennar framfor meg på brusteinane, ikkje sende ei melding når eg i vanvare kjem ut på feil side av senteret og ikkje skjønar att og fram på verda, ikkje smile blunkande til henne og late som eg veit kvar vi er når taxisjåføren spør henne om vi skal ta den eller den snarvegen. Denne gongen sender ho meg einsleg ut i verda, og eg kjenner meg litt som hunden Alfred og bjørnen Samuel då dei måtte forlate pappkartongen...
Eg har lese litt om Belfast på nettet. Sett at det er mange store hus der. Retteleg gamle bygningar til og med. Det kan eg like. Eg kan litt engelsk òg. Det vil helst gå godt.
Det er EU-prosjektet The Stranger som lokkar bibliotekaren til Nord-Irland. Saman med representantar frå Tyrkia, Italia og Belfast, skal vesle meg, saman med eit knippe andre nordmenn frå m.a. Oppland fylkesbibliotek, Fleirkulturelt råd og Arbeidsforskningsinstituttet, samlast for å sjå, lære og utveksle røynsler sidan partnarmøtet vi hadde i Oslo i september. For uinnvidde er dette eit prosjekt som går ut på å bruke storytelling som utgangspunkt for å skape dialog mellom minoritetar og majoritetar i dei deltakande landa. Målet er å samle historier om identitet og om innvandrarane sine opplevingar av å kome til eit nytt land, på same tid som dette vil gje god språktrening for historieforteljarane. Prosjektet har utspring i Grundtvig partnarskap, EU sitt program for samarbeid mellom intitusjonar og organisasjonar som legg til rette for læring for vaksne.
Velse Lom folkebibliotek er altså synlege igjen -ikkje berre i Noreg, men ute i verda! So long!
Fastgrodd bloggar i flymodus: Merete
Så tøfft! Dette høyrest helt supert ut! Enjoy every minute! Heia Lom og Oppland fylkesbibliotek! Storytelling må være et kjempefint prosjekt, tykkje e.
SvarSlettJa, dette prosjektet opnar dører for oss! Vi gler oss på framhaldet, og held dykk naturlegvis oppdatert via bloggen :-)
SvarSlett