Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 29. januar 2013

Prisen for popen

Det går over stokk og stein og teikneserieformidling og barnelitteraturfestivalar og reportasjar og #smilepentikameraet og Diktarhus og Diktardagar og forfattarar som seiar ja og nei og kanskje, kanskje ikkje, kanskje og tekster som skulle vore skrivne i går og fredagar utan fjelldikt og influensasymptom og beståtte celleprøvelser og irsk kaffe med BrageLinn om kvelden om dagen, og midt oppi alt dette er det snart tid for P2-lytternes romanpris.





Dei nominerte er:

Pedro Carmona-Alvarez: Og været skiftet og det ble sommer og så videre (Kolon)
Vigdis Hjorth: Leve posthornet! (Cappelen Damm)
Eirik Ingebrigtsen: Heimfall. Ei julefortelling (Oktober)
Atle Næss: Teltmakeren (Gyldendal)
Per Petterson: Jeg nekter (Oktober)
Kjersti A. Skomsvoll: Monstermenneske (Oktober)

Juryen omtalar bøkene slik

Sjølv har eg lese tre og ei halv, Leve posthornet, Heimfall. Ei juleforteljing, Jeg nekter og halve Monstermenneske. Alle er absolutt verd å lesa. Kven eg heiar på? Eg vinglar mellom Jeg nekter og Heimfall. Sidan eg unner Per Petterson alle prisar han kan få, og sidane nokre av episodene i Jeg nekter er noko av det best meisla diktariske handverk eg har vore borti, trur eg likevel at valet fell på Eirik Ingebrigtsen og Heimfall. Eg fann så mykje meining mellom linene i denne omvende juleforteljinga som kan lesast både før og etter solsnu. Det er ei bok for saktelesing, omhyggeleg spikka til, kledd i dystervakker nynorsk. Eg måtte ligge med ljoset på den natta eg hadde lese ho ferdig. Det er lenge sidan sist. Forfattaren skreiv eit stort skrik i meg, eit skrik for Johan Skaar som ein plass i hjartet er far.

Kollega Torill har lese Teltmakeren av Atle Næss og har ivrig anbefalt ho etterpå. Neste på nattbordet blir Pedro Carmona-Alvarez, eit nytt bekjentskap for meg. Prisutdelinga skjer 12. februar. Les bøkene og følg med på kåringa!

Rita

På tampen må eg berre ta med eit jubelbilete til til ære for vår private hoffotograf Kroken. Ein kom i skade for å ikkje publisere bileta ho hadde tatt og møysommeleg sendt over. Beklager dette, Kroken. Håpar på vår med ljose dagar og snarleg tilgjeving i vente. Yeah!

Foto: Vigdis Kroken





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar