Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 22. januar 2013

Fjellsynet

Leikande røyksøyle frå Smiugjelsbyrøygarden tidleg morgon.
Det riv innåt mergen, stikk og svir innom skjortekragen, og samanføyingane er tett ved å støkkje tvert av. Men vi er vande med det denne tida -det høyrer med, og vi subbar dei hardtrakka fotefara bort til vedskjulet på ny og på ny. Trass i telaklumpane på augevippene let eg meg imponere, både seint og tidleg, og prisar med lykkeleg over dette overveldane utsynet eg har, der eg skumpar trillebåra med det fastfrosne hjulet bortover mot låven.


Blåhø blunkar til vedkøyraren.
Det er opplagt at nokre av dei mest kjende lyrikarane våre langt attover i historia har late seg imponere og inspirere av desse mektige fjella; dei kvasse silhuettane mot den klåre himmelen, det stendig skiftande ljoset leikande over viddene og det biologiske mangfaldet frå den myrkaste skogbotnen til det goldaste snaufjellet. Slike dagar som dette måtte gje næring til pennen til Aukrust, tenkjer eg -og kjenner ein ørliten trong til å freiste pennen sjølv, berre spytune (urnorsk for nevane) tinar opp att...


Blanke stråler på Lomseggen og oppover solsida.
 
 
 




Det blir med tanken denne gongen også. Sjefen ventar, bøkene skal pratast utover bygda og kaffitraktaren må halde glaskarmen frostfri i gammelprestgarden. 26 minus hindrar ikkje lomverane i å hente fart og spenning, romatikk og fantasi ut av hyllene våre, og dei fortener all den merksemda dei kan få. Og ein ladebeta. Det er nøgda til alle hos oss nett no, og vi deler gladeleg! Ta turen innom -og nyt synet på vegen!
"...Hans hår var som haustgras på helute fjell,
or augo liksom nordljos-logar rann det,
som soli ho renn over høgtind og svell,
soleis brann det.
Da sae han og såg utover landet:
 
"Sjå her ligg det burte så vakker ein teig,
som nokon sinn eit folk fekk å dyrke.
Sjå arven og krafti og glansen det eig-
lat det styrke
di tru gjennom trautine myrke.""
 
Frå Fjellsynet av Olav Aukrust.
 
 
Varm bloggar: Merete 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar