Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

onsdag 16. januar 2013

Lom folkebibliotek - Årets bibliotek 2012

 og ein Kon-Tiki-nominasjon unna Dagsnytt 18

(alle bilete: Kristin Hamran Storrusten, Norsk bibliotekforening)
Olemic Thommesen innleier med å slå eit slag for biblioteka.
Viskvinnene har vendt bokheim. Vi vandrar rundt her blant vakre blomar, konfektøskjer på storleik med Vikingskipet, sjampanjeflasker på nippet til å gå i taket, fulle e-postkasser og sosiale medium som bugnar av gode ord. Og vi greier ikkje heilt å tørke av oss smilet etter den alle tiders torsdagen vi hadde i hovudstaden der vi mottok landets gjevaste bibliotekpris, Årets bibliotek 2012. Vi skal spare dykk for detaljar kring utarbeidinga av den prokrastinerte takketala, kring tårer i tastaturet kvar gong ein nærma seg lånarane i denne tala, kring korleis ein taklar førespurnader om å stille i Dagsnytt 18 somomdettevareidaglegdagshendingpålinemedåtømebokkassa. Om de fortsatt heng med, skal vi spare dykk for detaljar kring kjensla av å opne Aftenposten fredag og for detaljar kring den litt slitne prisenderpådagen. Vi deler heller den prokrastinerte takketala med dykk. And this is how it goes:

Leiar i Norsk bibliotekforening Ingeborg Rygh Hjorthen
avslører at Lom folkebibliotek blir Årets bibliotek 2012
Kven skal ein takke?

Dei som har sendt inn forslag og juryen som valde oss! Dette er ikkje til å tru, vi som driv bibliotek i ei lita utkantkommune og føler oss små blant alle dei fantastiske flotte biblioteka og dyktige bibliotekarane i dette landet. Dette står som heilt vilt og surrealistisk for oss.

Lom kommune for at dei ga oss nye lokale i 2001 og for at dei valde å satse på biblioteket og tilsette barne- og ungdomsbibliotekar. Utruleg viktig! For å ha gjeve oss frie tøyler til å utvikle dette nesten  som vi vil og for å ha gjeve oss økonomiske rammer som gjer drifta vår mogleg. 2,1 årsverk fordelt på 3 personar er ikkje all verda, men det er veldig viktig for oss å vera 3 vise kvinner istaden for 2.

Oppland fylkesbibliotek som er ein god samarbeidspartnar og utviklingsaktør i fylket. Fylkesbiblioteket har vore pådrivar for å sette i gang nye prosjekt og utvikle bibliotekplanar for alle biblioteka i fylket. Vi har akkurat fullført arbeidet med nye regionale bibliotekplanar for 2013 – 2017. (Biblioteket på skraphaugen var ikkje blant strategiane.)

Rørt Rita takkar
Dei andre biblioteka i regionen Biblioteka i region Nord-Gudbrandsdalen Skjåk, Vågå, Sel, Dovre,  Lesja og Lom, har i mange år hatt eit godt og utbreidd samarbeid. Saman med Oppland fylkesbibliotek har vi dei siste åra t.d. utvikla Nasjonalparkbiblioteket med avleggjarane Turistbiblioteket og Ord om fjell.

Merete les Over ein skald av Olav Aukrust
Tre vise menn: I blant føler sjølv tre vise kvinner at dei kjem til kort. Da er vi så heldige at vi har minst tre vise menn å ty til. Tusen takk til dykk som velviljugt har tatt dykk fri frå arbeid, sitti under dyna og lese inn dikt til Ord om fjell, har reist frå Christiania og Nidaros for å tre støttande til når det gjeld formidling av teikneseriar, lyrikk og slekt.

Selma Lønning Aarø om dei to mest bøllete
jentene i klassa som heitte Rita og Merete.
Og vi som alltid har drøymt om å vera bølle-
bibliotekarar
Bibliotekbrukarane. Kva var vi utan dykk? Det er dykk vi byggjer opp samlinga for, les bøker for med tanke på formidling, de som dreg opp statistikkane våre og lagar desse fine søylediagramma, de vi skriv for, de som gjev oss ubetalelege augeblikk.

Som når dei tre gutane set seg på golvet framom skranka, peikar ivrig på boka om universet og vi ser det blir tent stjerner i augo deira. Ingen er ivrigare på bøker enn gutar på sju år når dei finn noko som fengar, gjerne faglitteratur. Biblioteket er staden der dei entusiastisk kan dele bokgleda med kvarandre.

Som når eleven i 6. har lese ei heil bok for fyste gong og kjem att og vil låne fleire.

Som når ungdomsskuleeleven kjem inn på kontoret og strålar over kor bra denne boka var. Har du ei som liknar?

Som dama på nokre og sytti, ho som lærte seg å bruke PC for eit par år sidan da ho var med på dataopplæring i biblioteket, ho som ikkje sov natta før kurset fordi ho var redd for å ta i ei datamaskin, ho som nå kjem kvar dag og surfar rundt i verda, finn stader ho har reist til eller vil reise og låner mursteinbøker om stadene etterpå.

Som når nissemor, nissefar og nissedotter stiller siste opningsdag før jul med spesiallaga bokkasse med diverse innhald fordi dei set slik pris på at vi finst, fordi faren pendlar og låner lydbøker, fordi dottera er fantasyfrelst, fordi mora kosar seg på biblioteket minst ein kveld i veka og set pris på den gode bokpraten. Det er så mange slike større og mindre hendingar, slike kvardagsgleder som aldri synest i statistikkane og som aldri i syberspace ein app kan erstatte.

Med prisen i hand: F.v.: Rita Mundal, Olemic Thommesen,
Ingeborg Hjorthen, Anette Kure, Hege Underdal

Alle følgjarar og fans av tre vise kvinner på facebook, twitter og bloggane. Det er mest så vi kjenner dykk som kommenterer og les oss også. Vi trur det er viktig å vera synlege også utanfor Lom sine grenser både for eigen del og for bibliotek generelt. Vi er veldig tilfredse med talet på følgjarar og besøket på dei ulike nettstadene våre.

Litteraturen og forfattarane To grunnpilarar pregar det meste av vårt arbeid; lånarane og litteraturen. Gjennom formidlinga er biblioteka brubyggjarar mellom desse. I vår digitaliserte tid meiner vi at formidling blir berre meir og meir viktig, både for biblioteka som institusjon og for litteraturen. Litteraturen vi føler eit ekstra stort ansvar for, er den mindre kjende litteraturen som held høg kvalitet, litteraturen som ikkje sel seg sjølv, som ikkje står i utstillingsglas eller toppar salslistene. Vi ser det som ei hovudoppgåve å halde ved like og fornye litteraturkunnskapen, motivere folk til å lesa; prate bøkene ut av hyllene. 

YES!
Treng vi biblioteket og bibliotekarar? Litteratur blir meir og meir tilgjengeleg også frå sofakroken, men i den same sofakroken blir konkurransa stadig tøffare. Boka er i ein konkurranseutsett posisjon. Dei fleste av oss veit det. Internett, sosiale media, spel, TV, den flyktige skjermkulturen pregar oss. Til og med vi som er levande opptekne av litteratur, opplever at boka må vike for sosiale medium. Vi må ta oss saman for å leggje dei bort og velja boka. Vi kan tenkje oss korleis det er for ungar og ungdom som ikkje deler den same interessa for bøker. Sjølvsagt foregår lesing på nettet også, men for å skape motivasjonen som må til for å lesa ei bok, krevst det ofte formidling. Og kven er betre eigna til å formidle bøker enn bibliotekarar? Mi hypotese er at om alle kommunar tilsette ein barne- og ungdomsbibliotekar som evna å skape motivasjon for lesing, ville dette gje store utslag på målbare testar som Nasjonale prøver, PISA-undersøkingar og andre lesetestar. Ikkje minst ville det skape fleire boklesarar og meir leseglede for framtida. Vi meinar også at bibliotekrommet som sosial møteplass og litteraturhus med ulike arrangement, har ei framtid. Men det krevst at biblioteka får tilført tilstrekkeleg med ressursar, slik at vi kan vera den levande institusjonen som vi alle har potensiale til.

Tusen takk for prisen Årets bibliotek 2012!

På vegne av tre vise kvinner, Rita Mundal, bibliotekleiar Lom folkebibliotek

På tampen må vi få takke Norsk Bibliotekforening og samarbeidspartnarar som skipa til ei framifrå prisutdeling. Takk også til dykk som var med oss ut i dei små timar og deltok på feiringa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar