To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 11. desember 2012

På ball i Lom!


Så glade er vi! (I blant må sjefar inn og endre bilete)
Det har lenge vore ei kjennsgjerning at biblioteksjefen i Lom er av det driftige slaget. Av den typen som ikkje godtek at grisendt lende er einstydande med lite merksemd, og at små ressursar ikkje skal vere til hinder for høge vyer. Opp og fram vil ho ha det vesle biblioteket sitt. Allereie i ung alder låg tenkjeskrukkane i djupe furer mellom bryna på sjefen, så eg burde skjønt det. Kanskje burde eg styrt unna. Eg prisar meg lykkeleg over at eg ikkje gjorde det!

Førre veka kom den hittil største overraskinga sidan bøkene inntok gammelprestgarden; Lom folkebibliotek er saman med Bok- og kulturbussen i Sør-Troms og Realfagsbiblioteket UiO nominert til Årets bibliotek -i Norge!! Det tok heilt av då vi i fjor vart kåra til Årets bibliotek i Oppland, så kor høgt vi skal flakse med dei skrukkete, vinterfrosne vengene våre med denne nomineringa no kan ingen sjå føre seg! Tenkje seg til at alle dei boblande idèane sjefen har sett i verk -og gjennomført, med god hjelp frå m.a. fylkesbiblioteket og dei andre Norddalsbiblioteka- har sendt oss inn i slik fint selskap! Heilt forskrekkjeleg morosamt er det, og ikkje så reint lite rørande. Kvar dag kjem strålande lånarar inn og gratulerer oss med nominasjonen, og de skal alle veta at kvar og ein av dykk har ein stor del av æra for dette. Dei fine statistiske søylene våre hadde ikkje vore særleg rakryggja utan alle små og store som dagstøtt hentar med seg gilde skattar heim frå hyllene våre. Kåringa av den fine prisen skjer i jauar, men nominasjonen er for oss ein stor siger i seg sjølv!

Lokalt forankra ball!

 
"Årets bibliotek er den gjeveste prisen et norsk bibliotek kan få. Nominasjon til prisen betyr at politikere blir oppmerksomme på hva som foregår i biblioteket", skriv Norsk bibliotekforening på heimesida si. Det står att å sjå kor merksame politikarane blir på drifta blant bokpermane på Gamle Loar, men frilyndte som vi er vil vi feire nomineringa med ein aldri så liten fest -på 3 vise kvinners vis; lokalt forankra, med rumbrød og eiga bokkasse -og ordet fritt til ut til seine timar...


Audmjuk festdeltakar: Merete

5 kommentarer:

  1. Gratulerer så supermasse, kjære vise! :) Dette er så morosamt! Vi foreslo dere jo i fjor vi til denne prisen for 2011, og i år forsto så juryen sitt eget beste og fikk dere med blant de utvalgte!
    Ja, ellers jeg må si at bildet fra På ball i Lom gir de vakreste vibber, herrlig! 60-tallet var tida!

    SvarSlett
  2. Ja, dette er som ein draum, Gunvor! Nominasjonen er ei heilt fantastisk julegåve!
    Biletet er av ei gammal LP-plate vi fann att på magasinet her om dagen frå Hans W.Brimi sine yngre dagar. Veldig artig! Skulle gjerne hatt ein gammal grammofonspelar med på festen... :-)

    SvarSlett
  3. Gratulerer med nominasjonen! Nominering er en seier i seg selv, men jeg håper at dere vinner - det ville være fortjent:-)

    SvarSlett
  4. Det er så artig for oss at de utanfrå er innom bloggen vår og støttar arbeidet vårt, Bente! Vi tek med oss dei gode orda dine, og er heilt einige i at nominasjon er ein siger :-)

    SvarSlett
  5. Dette er så stas! Gratulerer med nominasjon:-)

    SvarSlett