To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 18. desember 2012

Besøk frå hovudstaden

Skulle vera her klokka sju. Skulle sitja som tent ljos i nitida når storfint besøk frå sjølvaste hovudstaden knakka på døra. Skulle gå gjennom alle planane og artiklane, alle prosjekta, finne fram all den gode statistikken, såg for meg korleis arka med dei fine søylene skulle dale ned på bordet framfor gjesten, liksom tilfeldig, som eit lite vedlegg til kanelsnurrane, såg for meg korleis han skulle heve augebryna litt og klø seg i skjegget, korleis vi skulle forklare og han skull høre på. Og til slutt skulle eg ta ut av omnen og servere den rykande ferske skissa for bibliotek og Diktarhus i Lom. Skulle eg...


Klokka tikka mot kvart på før underteiknaren nådde Bakeriet, heiv skillingane på disken og styrta ut att med ein pose bollar. Men på brua såg eg det. Ho var på plass. Ho som hadde vunne kampen mot dyna og kasta seg ut i dagen i tide. Ho som hadde tent ljosa slik at det lyste bokheimekoseleg ut frå alle dei hundretals småruta glasa. Og da eg andpusten stupte inn døra, slo den herlege lukta av nytrakta bakromskaffi mot meg og ho, ho sat der blid og nyfjelga bak skranka, tok inn dagens fangst frå bokkassa og hadde redda meg på ny.



Og med bollar av ymist slag, kaffi i koppane og forteljingar om større og mindre hendingar i biblioteket dei siste ti, tolv åra, synte det seg at behovet for vedlegg ikkje var så påtrengande. Vi håpar at vi fekk nemnt det meste av det beste, at gjest Anders Ericson frå Norsk bibliotekforening hadde ei tyleg stund på bakrommet, og at han vart inspirert til å ta turen til Lom og biblioteket vårt på ny. Om ei stund kan du lesa om den gongen Anders besøkte biblioteket i Lom i høve nominasjonen til Årets bibliotek, i bladet Bibliotekforum på papir og nett.


Viss vi ikkje får den gode ånda over oss i løpet av juledagane, er dette det siste de høyrer frå oss i 2012. Vi takkar gode nettvenner og godt vennenett for bibliotekåret som har gått og håpar å sjå dykk att både her og der på nyåret. Siste opningsdag før jul er fredag 21. desember. I jula har vi ope 3. og 4. dag 10.00 - 14.00, normale opningstiderfrå torsdag 3. januar.

God jul og godt nytt og spennande bokår!

Rita


4 kommentarer:

  1. Kor kosele! Det skal bli artig å lese! :)

    SvarSlett
  2. Ja, det var ein hyggeleg gjest og det skal bli spennande å lesa artikkelen.

    R

    SvarSlett
  3. Va sakte ein døkk likte detta, døkk va så smitige!God jul og godt nyttår!

    SvarSlett
  4. Men Tor heldt maska! Takk og det same til deg, du namnlause gjevar:)

    R

    SvarSlett