Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 4. desember 2012

Bok & Bacalao-bøker

Dei to førre onsdagane har viskvinne M og skrivaren presentert bøker i Vågå og på Bakeriet i Lom for rundt 80 frammøtte. Målet er å yte fødselshjelp til litteratur som ikkje toppar bestseljarlistene.  Likevel, vi kunne ikkje hjelpe for det, sneik det seg inn nokre velkjende forfattarar because they're worth it. På Bok & Bacalao var vi så heldige å ha med Silje Grøtan Torp frå Sel bibliotek som sat i årets Bragejury for sakprosa. Ho prioriterte å reise til Lom istaden for til hovudstaden og Brageutdelinga denne novemberkvelden, noko vi sjølvsagt sette stor pris på. Vi inviterte også med oss ein ljos og levande Arnfinn Kolerud som las og prata om den nye boka si med den lite imøtekomande tittelen Kom ikkje inn i mitt hus, som han har henta frå, ja, nettopp, gjestfrie Lom og Tor Jonsson. Tusen takk til våre gode hjelparar som gjorde kvelden saman med oss og dei frammøtte! Vi er tilfredse med konseptet. Bacalaoen smakte framifrå og det freistar til gjentaking. Og neste gong lovar arrangør å sjekke vinbehaldninga før arrangementet startar.

Her er nokre av bøkene vi har presentert:




 

Svar på brev frå Helga av Bergsveinn Birgisson : Ein tilårskomen sauebonde svarar på brevet fra elskarinna som ein gong for lenge sidan ba han flytta med henne til byen. Det har tatt lang tid å svare, og det er mange val han må svare for. Dette er historia om det livet som aldri vart realisert og dei vala me tek. Om den tapte kjærleiken, men også om ein tapt kultur, slik me ser han gjennom auga til sauebonden Bjarne. Nominert til Nordisk Råds litteraturpris i år.

– Kvart oppslag av boka er eit par opne handflater. Papiret hud som sitrar etter kontakt med naturen sjølv. Mette Karlsvik, Morgenbladet











 

Jeg nekter av Per Petterson: "Det eg ... synest er det mest karakteristiske og kraftfulle hos forfattaren, er evna til å velje ut nøkkelscener, skildre hendingar som blir ståande, både som verkjande sår og som vegskilje i eit menneskeliv ... Ved å ta vekk skorpa, opne opp sår, viser Petterson fram korleis ein er dømd til å velje, heile tida, og kor smertefullt det kan vere. Men han viser òg enkelt og likefram kva fridom og mulegheiter dette gir." MARGUNN VIKINGSTAD, DAG OG TID 







Inn i elden av Aina Basso. I tiåra frå 1620 og utover blei 80 "trollkvinner" dømde til døden på bålet i Finnmark. Denne forteljinga handlar om to unge jenter som hamnar på kvar si side i denne utrulege og skremmande tida i norsk historie.






Jeg var et barn. Det var krig av Edin Kadribegovic. Edin Kadribegovic er ti år gamal når Jugoslavia går i oppløysing. I boka fortel han om korleis livet hans endra seg over natta frå sorglaus leik til flukt og ein til splitta familie.








Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg av Kjersti Annesdatter Skomsvold. Øydela ei togtur for kollegaen med denne. Ho sat fordjupa i den neste på lista. Humra og lo høgt ved fleire høve. Min humor. Mitt språk. Det er historien om Mathea Martinsen, ei eldre kvinne som blir redd for å døy utan at nokon har lagt merke til at ho har levd. Ho er flink til å stokke kort og opne dorullar utan å øydeleggje dei og ein gong vart ho treft av lynet. Einsemd og dauden er alvorlege tema i tragikomisk innpakning. Boka er nominert til IMPAC-prisen saman med Vidunderbarn av Roy Jacobsen og Imot kunsten av Tomas Espedal.




Jerusalemsyndromet av Sunniva Lye Axelsen. Førti år gamle Harriet Fjell er ein kjend fotograf som har budd i Jerusalem ei årrekkje. Etter å ha dokumentert og tent pengar på redslene som er til stades like etter at ein sjølvmordsbombar har utløyst bomba, lever Harriet nå eit isolert liv. "Terror er den spisse, glitrende stenen, pepret med glasskår og bly og kråkesølv, omsluttet av det som en gang var hjertet ditt." Her er grusomme skildringar av liding i del 1, men viskvinne M ber deg halde ut til del 2 og 3 og ber medpassasjerar om å tørke av seg fliringa.




 Syngja av Lars Amund Vaage. Denne har vore den store snakkisen på bakrommet i november og det var drakamp om å få presentere ho. Båe viskvinnene har lese til auga vart stort og vått, lese ho på kvar våre måtar, med kvar våre bagasjer og båe hadde likt ho særs godt. Og vi har kåra ho til årets viktigaste bok og medan vi presenterte ho, gjekk ho avstad og vann Bragepris. Vi skuldar Lars Amund Vaage ein stor takk for at han våga denne boka og måten han løyste det på.




Tur: fra Nordkapp og hjem av Bjørn Arild Ersland. 15. juli 2011 forlet forfattar Bjørn Arild Ersland og fotograf Asbjørn Jensen kone og barn midt i fellesferien for å gå Norge på langs. Dei startar på Nordkapp, og tre månader seinare står dei på Lindesnes. Vi følgjer dei to venene gjennom steinrøysene, skodda, tunnelar, over de endelause myrene og forbi fjordane og utsiktene som tek pusten frå dei. Ei annleis bok med annleis bilete, om å vera på tur.



Historien om fru Berg av Ingvild Rishøi. Noveller til folket! Vi har ein lang tradisjon med gode novellistar i landet og ei av dei nye, store er Ingvild Rishøi. Eit av dei beste, nye litterære bekjentskapa mine i år, sjølv om boka kom i fjor. Altfor mange novellsamlingar (og diktsamlingar) står som løynde skattar i hyllene våre. Dei fortener så absolutt å bli oppdaga. Du les ei av novellene på nokre få minutt. Treffer ho, lever ho i deg for resten av livet.




For riket er ditt av Birger Emanuelsen. På ei øy i havgapet lever eit knippe forunderlege menneske. Gjennom skrøner og historiar følgjer vi dei i fødsel og død, tru, hat og kjærleik, over ei periode på åtte hundre år. For riket er ditt er en samling enkeltståande forteljingar. Dette er Birger Emanuelsens fyrste bok, og han er omtala som ein av årets beste debutantar.






Isberg av Lars Ove Seljestad. Isberg er ei rystande forteljing om tap, einsemd og vald. Ho syner korleis ein kjensleladd ungdom blir til ein hemnar fylt av menneskeforakt. Romanen stiller spørsmål om menneskenaturen, om manglande empati og beredskapen til vald mot andre menneske.
       
Det gode jeg vil av Håvard Syvertsen. Alle har ein stad det knytter seg sterke minne til. I denne samlinga med forteljingar er det sommerøya alt krinsar rundt. Øya ein lengtar etter heile den lange vinteren. Øya der livet kom til eit vendepunkt. Sommaren som blei fylt av ny kjærleik. Sommeran da kjærliken gjekk tapt. Øya som gjev det eine året, og tar det neste. Lengsel, lyst og vemod i midtsommerlyse og nattsvarte noveller.






Hula Lou av Wenche-Britt Hagabakken. Dette er forteljinga om Finn Eng og niesa Eli som vegrar seg for å besøkje onkelen som har betydd så mykje for ho i oppveksten og i vaksenlivet. Onkel Finn som var lausunge, som ikkje fann seg til rette på skulen, som snudde verda opp ned og gjekk på hendene, som fekk seg hyre som femtenåring og som kanskje møtte sitt livs kjærleik på Silk Lady Bar i Pearl City på Hawaii.





Long list: Bøker vi stilte ut, las frå eller nemnde: Ari Behn: Talent for lykke (to tekster med i EUs prestisjetunge antologi Best European Fiction), Kirsebærsnø av Ingelin Røssland, Leve posthornet av Vigdis Hjorth, En elv en gang av Bonnie Jo Campbell, Trampolineland av Vidar Kvalshaug, Dødsøyeblikket og andre noveller av Espen Haavardsholm, En blå kjole fra Herr Hitler av Torill Brekke, Det fine som flyter forbi av Ida Løkås, Krigens skugge av Ragnhild Kolden, bøker av Nobelprisvinnar Mo Yan og Bookerprisvinnar Hillary Mantel.

Lyrikk: Du har et sted å løpe inn av Synne Lea, God morgen og god natt : dikt av Øyvind Haagensen (nominert til Nordisk Råds litteraturpris), Min buick er lastet med: dikt og fargefotografier av Lars Saabye Christensen, Tom Stalsberg, Frode Grytten, Kjartan Fløgstad m.fl., Alberto Caerios poesi av Fernando Pessoa, Kjøkkendikt av Kjartan Hatløy (nominert til Brageprisen).


Og sist, men ikkje minst: Hipp hurra for Linn T. Sunne og Lille ekorn som vann Brageprisen i Open klasse! Vi har lagt champagnen til kjøling, Linn!

Rita




1 kommentar:

  1. Oi, her var det mange fine boktips,ja! Så flott! Tusen takk!

    SvarSlett