Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 27. november 2012

Brageprisen 2012

I morgon er det utdeling av Brageprisen, den mest høgthengjande prisen i norsk bokbransje. Gledeleg er det at barne- og ungdomsbøker blir prioriterte i år med i alt 8 nominasjonar. Ekstra gledeleg er det at "vår eigen" Linn T. Sunne er ein av dei nominerte med boka Lille ekorn, ei viktig og aktuell bok som burde bli pensum for alle ungdomsskuleelevar i landet. Boka syner kor lett det er å gå seg bort i kjærleikens villniss, lettare enn nokon gong i vår digitale tid. I Åpen klasse er Linn i godt selskap med Arne Svingen, Harald Rosenløw Eeg og Aina Basso.

Stjerne i margen til Bragejuryen også for å ha nominert 2 diktsamlingar i klasse Skjønnlitteratur. I mitt stille sinn trur og håpar eg at poesien er på frammarsj. I vårt overflodssamfunn som bugnar over av ting og trendar og tome ord i tusental, trur eg på poesien som redningsbøye.

Trass dette, eller også på grunn av dette, er det ei anna bok eg heiar på i morgon. Eg håpar inderleg at Lars Amund Vaage vinn prisen for boka Syngja. Dette er ein roman som er skrive til ei som ikkje kan lesa eller skrive, ikkje prate heller "endå om dei fremste fagfolka i landet har prøvd å læra henne dette i mange år. Det kom nokre ord, og ho tok dei i bruk, men så smuldra dei opp i munnen hennar."

Syngja er ein djupt personleg roman om å leva med eit "annleis" barn, om å leva med ei dotter med autisme. Vaage skriv vakkert, ofte poetisk og grusomt ærleg om livet med dottera, livet med eit funksjonshemma barn, om livet i den "diagnostiserte" familien. Ved å velja ei skjønnlitterær tilnærming, frigjer han seg og kan skrive enda ærlegare om vanskelege kjensler. (Takk, Knausgård! Kven sa at sakprosa er sannare enn skjønnlitteratur?) Eg tykkjer han balanserer det fint, går ikkje over streken for å utlevere eit anna menneske, og han meistrar å få fram både den store kjærleiken og fortvilinga knytt til barnet og rolla som far.

I boka ser vi mange døme på korleis han brukar skrivinga for å koma fram til djupare innsikt og få tak på kjensler. Han tenkjer gjennom pennen: "Kanskje kan eg gå med G inn i skogen av minne. Inn i det me helst vil gløyma. Det lukkast oss likevel ikkje. Me kan kanskje sjå kven me er. Kva slags liv har eg hatt? Kva slags menneske er eg?"

Syngja er også ei samfunnskritisk bok der forfattaren tek eit oppgjer med vår store tru på kunnskap og kontroll. Ulike åtferdsterapeutar og ulike teoriar skulle prøvast ut for å "utrydde autismen" i ho, for å gjera ho så lik "normalen" som mogleg, men : «Ho lærte ikkje. Ho lurte alle. G tok vare på seg sjølv, omfamna seg sjølv, sitt eige indre, den sjela ho hadde fått, av skaparen, ho mista den aldri... Ho var kanskje trøytt av å bli manipulert, med snop, med søtsakar, ho ville kanskje ikkje lenger utsetja seg for vitskapen, åtferdsteorien, så ho avsette han, fekk han til å gå i stå». Som Lille ekorn burde bli pensum for ungdomsskuleelevar, burde denne bli pensum for alle som jobbar med menneske med funksjonshemmingar.

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar