Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 23. oktober 2012

Sailing

Merete og Rita, alias Unni og Gunni
Endeleg er boka om sjefen og meg komen! Ho er rett nok ørlitegrann tynnare enn forventa, og inneheld kanskje litt færre ord enn ein kunne tru om oss, men elles stemmer det meste. Ein liten bibliotekbrukar stod ved skranken då eg kom springande fram til vakthavande med eit lite gledeshyl seglande opp or strupen: "Nå æ bokje um oss skrivi! Ser du kæm som æ o Rita på bilde?" spurde eg, og heldt fram boka for guten. Etter eit raskt blikk sveipande over bibliotekpersonalet, peika han merkeleg nok, og litt blygt, heilt korrekt ut kven som var kven på den blåglansa framsida...

Vi deler nok mykje, men den heilt store utferdstrongen er det nok Ho Sjølv som lir mest av. Difor stussa eg i starten litt over temaet i boka, men vart totalt riven med av opningsreplikkane:

                              "Unni og Gunni ser på himmelen.
                               -Me burde på ein måte koma oss litt vekk, seier Unni.
                               -Einig, seier Gunni
                               -Me reiser! ropar Unni."
 
Gunni og Unni, alias Rita og Merete
Utstyrt med hjelmar, briller, redningsvestar, kart og kompass dreg dei så ut i verda på eit flygande teppe, kun styrt av magekjensla. Fantastisk! Så enkelt, så genialt befriande! No ser eg rett nok ikkje heilt korleis vi to skulle fordelt tyngda oss i mellom på ein slik farkost med min struttande bakende veltande tungt utover teppet, men optimistisk som eg er, ville eg satsa på at den faglege tyngda til sjefen krev sin del like fullt. Meir usikkert ville det vel kanskje vere om våre to magekjensler kunne dra i same retning...

Med den utruleg vakre, og like fullt vonde, boka "Syngja" til Lars Amund Vaage liggjande som eit sugande bakteppe etter dei siste kveldane under nattlampeskjenet, er det tvingande naudsynt å "lette" litt med eit slik herleg eventyr som pause frå grublinga. Vaage skriv seg langt inn i sjela mi, riv henne opp med tastaturet, for så å tråkle det heile i hop att på eit vis som gjer arra synlege i lang tid. Arr eg må stryke over, på nytt og på nytt, for å kjenne om såra kan gje meg mot til å sameine det vonde med det gode. Mot til å inkludere det såre i eit ljost framtidshåp. Den djupt personlege boka om den autistiske dottera til Vaage må fordøyast i lange drag, og ho er verd kvart andedrag.

Bloggar i svevet: Merete




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar