Medan vi flaug over Grønland der vatnet var så klart at ein såg heilt ned mot botnen av isfjella, låg Jeg nekter av Per Petterson på fanget. I denne boka skildrar han familierelasjonar, ein valdeleg, alkoholisert far, venskapen mellom Jim og Tommy og mellom syskena Tommy og Siri. Vi fylgjer dei under oppveksten på Mørk på 60-talet og treffer dei att som vaksne i 2006. Episoder i boka peikar seg klart ut og hamnar i kategorien min for meisterleg skrivekunst. Avgjerande situasjonar i liva til hovudpersonane blir skildra med få, men så avgjort rette ord, og landskapet av isfjell under oss utgjer dei perfekte kulissene. Det er truverdig, sårt og fengslande. Tankane går til Merethe Lindstrøm og Dager i stillhetens historie i måten teksta til tider kryp under huda og set seg i kroppen. Eg kan enda kjenne det djupe søkket i meg etter episoda med balltreet. Viss du les boka, vil du skjøne kva eg meinar. Her eit lite utdrag frå ei anna isfjell-episode:
...hun trykte panna mot vindusglasset for om mulig å se sine egne unger stige på, og det gjorde de jo litt nede i veien, og like etter kom bussen sigende forbi huset til Jonsen, og der satt to av hennes om bord; Siri som alltid midt i bussen og Tommy ved vinduet bak, så vidt synlige over brøytekanten, og Tommy så rett framfor seg og snudde seg ikke for å se ut, men holdt matpakka høyt heva der navnet hans var skrevet i skjønnskrift på det stive, grå papiret ...
Ingen av dei tidlegare bøkene hans har gripe meg så sterkt som denne tidvis gjer. Eg vil absolutt rå deg til å lesa Jeg nekter. Og eg nemnde ikkje at slutten skuffa litt, gjorde eg vel?
Rita
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar