Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 9. oktober 2012

Det vil ho sikkert ha, då blir ho sikkert gla`!

 
 

Vomskinnet flyt utover det skrukkete lakenet, den fjørfylte puta stikk iltert piggane inn i vrimmelen av tuggete hår og tunga raspar tørt mot ganen. Natta er definitivt over att, men skrotten tviheld på dynevarmen, og dreg sekunda ut i sirupseige drag. Det er så gjennomtrengjande kaldt å trakke berrføtt på sorpete golvplank, der oktobernatta har sleppt krystallisert frostpust inn gjennom vindauget dei siste timane. Synet i spegelen blir glatt ignorert på slike morgonar. Det er ikkje verd eit augekast. Rutinene går sin gang, og dagen kan famnast.
 
 
 
Som ei dronning ligg ho der; kvar dag struttar ho av styrke, alder og visdom, helsar morgongretne sjeler velkomen til ein ny dag. Ein kan ikkje unngå å bli overvelda, gong på gong, men ekstra flott helsa Lomseggen bygdafolket i dag. Den ugne, dynetrøytte kjensla kverv bort som frostrøyk frå munnen.
 
Inne i varmen i gammelprestgarden renn e-postane inn til den bortreiste sjefen. Eg har freista å trona i sjefsstolen dei siste dagane, men det er messom så liten vits- det er jo ingen som ser det! Og all den elektroniske posten som skal administrerast, er ymta på Henne. Ho har vakt oppsikt utover landet med formidlingssamtala si, og er på tur til å bli ei ettertrakta kvinne, skjønar eg. Kanskje har ho vore det før òg. Det er ikkje godt å vite med henne, for slikt er ho dårleg på å informere om. Eg svarar som best eg kan på alle førespurnadene, og lovar vel eitt og anna foredraget òg... Det vil ho sikkert ha, då blir ho sikkert gla`!
 
Schakendabite
 
Eg saknar henne eg òg, men for ein gongs skuld er det greitt at ho ikkje lyt godkjenne innlegget mitt før det ligg ute på veven. I staden skal ho få varm glaskarmkaffe og rykfersk Schakendabite når flyet har landa. At det er nyttige "ting", kan ingen kome frå!
 
Merete Sjefsassistent.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar