Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 2. oktober 2012

Kirsebærsnø i haustnatta

Norske eple, syrlege, som rislar nedetter tungerota. Idylliske fjellsider, eksploderer i eit crescendo av farger regnbogen ikkje visste av. Brennande talgjos på bordet, gret store, tunge tårer lag på lag inn i kvelden. Natta, kvass og klår som ein nyslipt knivsegg. I ljosken av nattlampa, glødande Kirsebærsnø -sitrande av undertrykte kjensler vekt til live av ein svenske som veit å bruke orda for å vekkje den vaksne kvinna.

Boka til Ingelin Røssland er for tida mitt følgje inn i haustnatta, og eg frydar meg over nynorsken, irriterar meg over dei vaksne som ikkje maktar møte kvardagen saman -og gler meg over at det likevel er håp for kjærleiken. Røssland har imponert meg med ungdomsbøker tidlegare, og vaksenlitteraturen kan også vera takknemleg for hennar tilskot i den nynorske bokstamma. Eg gler meg på natta.

Bloggar: Merete

1 kommentar:

  1. Les den ut fortest råd, jeg gleder meg sånn til å lese den!

    SvarSlett