Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 30. oktober 2012

Bibliotek. Litteraturformidling. Leselyst

Mi flittige barnebokvise kollega Merete, har akkurat avslutta sin 19. bokprat for den oppveksande slekt lomverar i år. Som den prima formidlaren ho er, har ho fått elevar frå barneskulen til å stille seg på lange ventelister for å lesa om Politihunden Falk, om Teo, Henrik And og om Bart i Sangen om en brukket nese. Ungdomsskuleelevar kjem i friminutta, prikkar ho på aksla for å fortelja at Crescendo, fortsetjinga av Fallen engel, var minst like bra som einaren: "Du må lesa ho, du óg!"


Det var da vi flytta inn i nye lokal i 2001, at vi fekk tilsett ein barne- og ungdomsbibliotekar. Dette var eit ynskje frå biblioteket si side, og kommunen bestemte seg for å opprette ei ny 60% stilling. Før den tid var vi to tilsette og presentasjonen og lesinga av barne- og ungdomsbøker var sporadisk. Dette bar formidlinga også preg av. Barnebøkene var vårt dårlege samvit. 



Etter at Merete starta i jobben, har vi fått på plass Leseplan for Lom der det er bestemt at bibliotekaren skal ha minimum ein bokpresentasjon i halvåret for alle klasser på barnesteget, ein i året på ungdomssteget. Biblioteket har vore inne på 18 månaderskontrollen på helsestasjonen og prata om bøker og lesing. Vi opplever at nye foreldre oppsøkjer biblioteket med barna sine, foreldre som kanskje elles ikkje ville stimulert barna til lesing. Barne- og ungdomsbibliotekaren deltek på foreldremøte der ho pratar om lesestimulering og presenterer bøker. Etter dette troppar foreldre og barn opp for å sikre seg bøkene ho har prata om. Vi har vore ute i barnehagar og dramatisert Mamma mø og Teskeikjerringa. I jula har vi arrangert pepparkakebaking der Pippi, Teskeikjerringa og Mamma Mø møttest til bakedag. Etterpå ville barna naturleg nok lese bøker om figurane.


I dei 11 åra som barne- og ungdomsbibliotekaren har vore tilsett, har ho drive ei systematisk formidling av barne- og ungdomsbøker. Elevane har fått presentert bøker som dei har fått lyst til å lesa. Dei har lånt og lese og fått lyst til å lesa enda fleire. Etter bokpratane får vi ofte spørsmål om bøker av same forfattar eller bøker som liknar.

Kva dette har hatt å seia for lesedugleiken blant ungane, er ikkje dokumentert. Lom har dei siste åra fått gode resultat på Nasjonale prøver i lesing. Her er sjølvsagt skulane og lærarane sitt arbeid med leseopplæringa ein opplagt og viktig grunn. Men vi trur også at formidlinga av barnelitteratur som biblioteket har drive, bidreg til dei gode resultata. I media og blant politikarar har PISA-undersøkingane og andre undersøkingar om lesedugleik blant norske skuleelevar, fått stor merksemd. I denne debatten har dessverre biblioteka og biblioteka sitt formidlingsarbeid, vore nesten fråverande. Fokus har vore sett på skulane og leseopplæringa som blir drive der.


Eg er overtydd om at vår barne- og ungdomsbibliotekar spelar ei svært viktig rolle i arbeidet for å skape leselyst og lesedugleik blant barn og unge i Lom. Mi erfaring både frå skulebibliotek og folkebibliotek, er at dei slit med for små ressursar til å drive eit formidlingsarbeid som held høg kvalitet. Veldig mange folkebibliotek har ein eller to tilsette, gjerne i deltidsstillingar. I skulebiblioteka er situasjonen enda verre. Ofte har ein av lærarane ein halvtime i veka til å "drive" biblioteket. Det seier seg sjølv at kvaliteten på tenestene blir der etter.


Dersom kommunane hadde satsa meir på bibliotek og tilsette ein barne- og ungdomsbibliotekar i kvar kommune, er eg sikker på at fleire barn ville lese fleire bøker. Norske forfattarar og norsk barne- og ungdomslitteratur som elles ikkje er så mykje omtala, ville blitt betre kjend blant dei unge. Eg trur at salet av barne- og ungdomsbøker ville fått ein oppsving og at lesedugleiken blant den yngre genersjon nordmenn hadde blitt betre. I vår digitale tidsalder er bøker tilgjengelege ved eit par tastetrykk på ein Kindle eller iPad. Sjølv om e-bok-lanseringa i Norge har vore trøblete og utlånsordninga for biblioteka ikkje er på plass enda, vil e-bøker etterkvart ta meir og meir over på bekostning av papirboka. Dette er ei utvikling biblioteket ikkje set seg i mot. Vi tykkjer det er bra at litteratur blir meir tilgjengeleg, og meinar at e-boka har sin naturlege plass i biblioteka på lik line med papirbøker og lydbøker. Vi går berre og ventar på å få ei velfungerande utlånsordning på plass og på å koma i gang.



I motsetning til Meisingset i Minerva som har skrive artiklane Bibliotekene står for fall og Bibliotekene skal være alt. Yeah right, meiner eg ikkje at e-boka sitt inntog gjer biblioteka og formidlingsarbeidet vårt overflødig. Snarare tvert om. God lesedugleik er viktigare enn nokon gong, og boka har aldri møtt slik konkurranse med andre medium som i dag. For å skape leselyst og stimulere til lesing, trur eg fullt og fast at ein menneskeleg motivator må til. Dei heldige har foreldre som klarar dette, men dette gjeld på langt nær alle. Også den smalare litteraturen for barn og vaksne, treng gode ambassadørar for å bli gjort kjend for eit større publikum. Eg vågar min siste rest av visdom på at iPad i seg sjølv ikkje ville klart og fått dei 56 unge som deltok i lesekampanja vår i sommar, til å lesa 680 bøker midt i beste ferietid. Og eg meiner bestemt at leselysta og lesedugleiken blant barn og unge i landet ville auka merkbart dersom alle kommunar hadde tilsett ein engasjert barne- og ungdomsbibliotekar med gode formidlingseigenskapar. Etter mitt skjønn er det er på tide å satse meir på bibliotek og litteraturformidling!

Rita

PS: I morgon går startskotet for IBBY sin presentasjon av årets barne- og ungdomsbøker på Otta. Biblioteka i Nord-Gudbrandsdalen arrangerer og 50 bibliotekarar, lærarar og førskulelærarar frå distriktet skal delta. Vi gler oss til å få ny inspirasjon frå dyktige barnebokformidlarar! Slik ser boklistene ut.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar