Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 6. november 2012

Bibliotekløft

Studietur til Deichmanske bibliotek avd Holmlia

Ja, det er glatt og vanskeleg med parkering, lovar å vera der seinast kvart på fem. Orda frå kvelden før ljoma mellom kranieveggane. Eg hadde sett i vantru på klokka for fjortande gong og så smått fått tak i eit par klåre tankar. Nok ein gong måtte eg sjå urskiva i kvitauget. Alarm for pendlartog med avgang altfortidlegeinmåndagsmorgon til Oslo, ess, hadde gått for tre kvarter sidan. Morgonstell og isskrape glimra med sitt fråver. Innan vi nådde Otta, ess, hadde eg oppdaga at pengeboka i alle fall ikkje var i veska, at genseren og eit par andre oppdateringar  frå viskvinneleg hald, alle var bakfram. Sundriven av traumar dumpa eg ned i NSBs lune skjød og flykta inn i ei anna, men minst like tøff røynd.


Oppland fylkesbibliotek deltek for tida i 2 EU-prosjekt, Bibliotekene som globale døråpnere og The stranger, det nye prosjektet som vi deltek i. Ein delegasjon på 7 opplendingar møtte difor opp på Deichmanske bibliotek, avd Holmlia for å høyre om korleis dei jobba med biblioteket som formidlings- og inkluderingsarena. I Søndre Nordstrand, Oslos yngste bydel med nærare 37.000 innbyggjarar og over 150 språk, kunne bibliotekleiar Elin Hermansen fortelja om eit bibliotekliv som minna overraskande mykje om vårt eige. Formidling for barn og unge var eit satsingsområde, og for å få til noko utover den daglege drifta, var også dei avhengige av å søkje eksterne prosjektmiddel. Rundt omkring i heile Norges land sit biblioteksjefar, dei aller fleste med 1 - 3 årsverk til disposisjon, og brukar si sårt tiltrengte arbeidstid til å søkje om statlege eller andre eksterne middel for å utvikle biblioteka og betre tenestene. Dette er middel som går til grunnleggjande tenester som formidling av litteratur til barn og unge, inkluderingsprosjekt og lesefremjande tiltak til minoritetsgrupper. Også til godt utprøvde, suksessrike prosjekt som Lesefrø-prosjektet, må det søkjast middel kvart år.

Dette er eit tankekors i ei tid der det lenge har vore sett fokus på lesing og leseopplæring. Biblioteka og den gode formidlingsjobben vi driv, blir ofte gløymde i denne samanhengen. Den største utfordringa vi står overfor, er etter mitt syn å marknadsføre biblioteka og dei gode og samfunnstenlege tenestene vi leverer. Vi burde rope det ut i riksdekkjande media, overfor politikarar og kommunale administrasjonar. I neste omgang burde dette resultere i auka personalressursar over budsjetta og at alt prat om skraphaugar stilna. Men med 1 -2 årsverk er det begrensa med tid og kraft til å rope. Eg drøymer om eit bibliotekløft, ei nasjonal kampanje for sjølvskryt og synleggjering av biblioteka. Gjerne med logo!

Vår diktatorisk pålagde lesetid måndagar, vart sjølvsagt fylgd opp. Vi kløyde ikkje ord tur retur Otta, men i alt 6 bøker heilt eller delvis. Litteraturens tenestereiser.

Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar