Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

onsdag 8. februar 2012

Bøker å skrive heim om

Vegen mot visdom er endelaus, sa ein gong vismannen Olav H. Hauge. I går morgon 05.47 tok tre vise kvinner ved to av dei, konsekvensen av dette og sette bilsnuta mot Gjøvik i 17 hutrande kalde. Men etter setevarme på 4+ og svart, seigtflytande Statoilkaffe, var frost og endeløyse dogg for sol, og dei kunne sjå fram til å gjera seg feite på bokprat resten av dagen. I Mjøsbyen troppa to storlesande rogalendingar opp og serverte smaksprøver frå 92 av bøkene som kom ut i 2011. I dag er viskvinnene så stappande mette at dei ikkje orkar anna enn å gje dykk nokre smaksprøver frå spreidde notat. Men når vårsol i bakkane blenkjer, lovar vi å invitere dykk til BokTapas på biblioteket.

Saganatt - Frode Grytten:
Tre bøker i ei, om den unnselege sonen til ein møbelhandlar som blir lærar og aksjespekulant. Om møbelhandlaren som dreg til Sverige med eit spesielt mål for auge. Om Skuggeregjeringa i Norge. Vakkert, vakkert språk! Viss Plumbo hadde lese Grytten, kunne mykje vore annleis.

Adam Hiorts veg - Brit Bildøen: Miljøvernaren Jon Utskott syklar Norge på tvers saman med ein ung dokumentarfilmskapar. For dei som likar potensgjevarar og klatrande hundreåringar.

Stille natt - Ragnar Hovland: Humor. Treffer denne, treffer ho godt! Damehistorier, fyllesamtaler, brødre, alvor med morsomheter.

Maud og Aud - Gunnstein Bakke: Historie med mange stikkvegar, trafikk og bilar, mennesket sin plass i det heile, om å vera i drift. Action mot slutten!

Gjennom natten - Stig Sæterbakken: Som å sitja på bar og treffe ein ukjend person som begynner å fortelja. Ein far misser son. Eit av dei skumlaste partia NN nokon gong har lese! Slutt som tvingar deg til å lese om att.

An der schönen blauen Donau - Øivind Hånes: Sprelsk og levande om ein margarinprodusent som liknar Derrick.

Fjorden - Lars Ove Seljestad: Den såraste far-son-forteljinga som nokon gong er skrive? Nydeleg. Underteikna har tidlegare dvelt ved den viktige fyrstetouchen.

Nu, jävlar - Heidi Linde: Tek vi dei rette vala når vi er unge? Giftar vi oss med dei rette? Får vi dei liva vi fortener? Kvinne, 30 åra, gravid, kjempegravid, møter barndomsvenninner. Festfyrverkeri for unge mødre, unge damer i alle aldre og menn som elsker kvinner.

Du er ikke død før jeg slutter å elske deg - Didrik M. Hallstrøm: Beste tittel!

Sunset park - Paul Auster: Kjærleik på alle plan. Kan godt lesast av menn, ikkje sentimental! Ei av dei aller beste i fjor!

Jimmen - Øyvind Rimbereid: Langt episk dikt, ein hestekøyrar og Jimmen, ein arbeidshest. Nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Allereie vinnar i fjordingklassa.

Jimmen får lov å avslutte i dag. Her har han sundagsfri:

Dagen då ikkje
til byen ganga.
Og då på marki vera
Attum stallen mine heimars
og ikkje so grøn’e denne marki
men gul og long mykje.
Ete då attmed digra hòla
og eta deim gode stråi
ein bete inn i hòla òg
og mykje meir strå der er.
Skita skit.


Rita







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar