Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 14. februar 2012

Are in action


Innkjøpsordninga for teikneseriar har endeleg vorte ein realitet, og i år er 2,5 millionar sett av til innkjøp av seriar som blir sende ut til folkebibliotek over heile landet. Teikneseriar har tradisjonelt ofte vore sett på som b-lesestoff, lærarar har rynka på nasen og bede elevane finne andre bøker. Vi meiner at mange seriar held høg kvalitet både når det gjeld språk og bilete, dei fengar mange som elles les lite og kan vera ein inngangsport til ei større bokverd. Den nye innkjøpsordninga er med på å auke statusen til seriar som gangbar litteratur.



Her i bygda er vi så heldige å ha ein som både er teikneserie- og bibliotekentusiast. Are tek seg fri frå jobben på Stokk og stein nokre timar fleire gonger i året, for å koma hit til biblioteket og formidle teikneseriar til den oppveksande slekt. Denne gongen var det 8. klasse som fekk oppleva den engasjerte og svært kunnskapsrike seriesamlaren i tømrarklede. Viskvinnene set stor pris på å kunne dra nytte av slike vise menn i formidlinga. Og takk til Stokk og stein for fleksible arbeidstidsordningar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar