To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 21. februar 2012

Å svelgje kamelar

"ET!"
Det er ikkje måte på kva ein skal måtte tole å fordøye gjennom eit levd liv. Som liten jentunge med høghalsa, knitrande pologenser gnissande klamt mot svelgjemusklane var eg til dømes overtydd om at dyreorgan som lever og hjarta var skadeleg for menneske, og dermed ikkje etande. Heilt til mor gjorde rundkast i stigen opp mot underlåven, og husmorvikaren laut overta kjøkentenesta i heimen. Ingen av bekenglane på benken bak bordet turde nekte då den myndige, forklekledde kvinna ein dag serverte levergryte med tyting og kålrot. Bestemte augo glytta over kanten på hornbrillene og runde armar var planta bastant i sida då kommandoen ljoma over eimen av varm lever : "Nå fæ døkk eta!"

Husmorvikaren hadde uante evner som englane til den skadde mora framleis i vaksen alder ikkje har klart å avdekkje -levergryte vart etter dette ein av favorittrettane til den velse skaren, og nye smakar baud ikkje lenger på sveittetokter innanfor poloen. Trangen til å ikle seg hornbriller har også for einskilde av oss vore ein hang i åra etter levergryta...

Eldre born fortalde meg jamnleg skrekkhsitorier om kor mange kongroer eit menneske svelgde i snitt gjennom livet, der dei fryktinngytande krypa krakte inn i gapet på sovande folk som ikkje hadde aning om kva som flaut rundt i vomma morgonen etter. At eg sjølv hadde fortært slike uhyre, var eg sjølv temmeleg sikker på ikkje stemde -eg sov alltid (og framleis...) på vakt, og vakna støtt dersom ein slik skapning kom krupande over golvet!

I vaksen alder har ein vore nøydd til å svelgje heilt andre kamelar -av ymse storleik. I desse dagar har eg innsett at eg må leggje av meg nokre plagsame fordommar dersom eg vil nyte ulike litterære verk fullt ut. Fram til i fjor sommar såg eg til dømes på vampyrlesnad som noko upassande for godt vaksne kvinnfolk, heilt til eg sjølv sat samankropen bortgøymd bak peisen store delar av sommaren, fortapt i "House of Night"-serien med erotiske vampyrdskildringar og fantastisk flotte, usannsynlege hendingar.

I helga las eg ut boka "Blodrød vei" av Moira Young. I starten irriterte eg meg så over språket i denne boka at sjølve historia kom litt i bakgrunnen. Eg vil då ikkje lesa bøker der språket ikkje er ivareteke på skikkeleg vis! Konsekvente skrive"feil", sikkert tenkt som ei munnleg tilnærming til skriftspråket, verka forstyrrande, heilt til eg tykte at dette faktisk passa godt til hovudpersonen Saba. Etter kvart som personane i boka kom tydelegare fram og den eine dramatiske hendinga avløyste den andre, vart språket underordna, og til sist stod det rett så godt til heilskapen. Saba er vaksen opp i eit inntørka elveleie saman med faren, tvillingbroren Lugh og veslesystera Emmi. Dei har aldri hatt konakt med andre menneske, og då tvillingbroren ein dag blir teken til fange og bortført av røvarar etter at dei først drep faren, reiser ho av stad for å finne broren som ho alltid har vore avhengig av. Eit eventyr av dei heilt store spinn seg gjennom sidene -ei drivande lettlesen og god bok for ungdom i alle aldrar! Og jenta i poloen har svelgt nok ein kamel -garantert ikkje den siste...

Bloggar med ope sinn: Merete

8 kommentarer:

  1. Ære være husmorvikarane. Dei kunne meir enn sitt "Fadervår"!

    SvarSlett
  2. Så sant, så sant! Skulle verkeleg vore fleire slike...

    SvarSlett
  3. Gratulerer med Bibliotekprisen for Oppland , jenter!

    SvarSlett
  4. Tusen, TUSEN takk, Eli! Dette set vi veldig stor pris på!! Takkar alle lånarar, lesarar og alle andre som gjer kvardagen vår så rik!

    SvarSlett
  5. E-posten med tildelelsen av Bibliotekprisen for Oppland førte meg til bloggen deres - og å lese denne er en stor fornøyelse. Dere er dyktige! Gratulerer med prisen - og tusen takk for flott inspirasjon til å formidle litteratur. Beste hilsen Anne Hulbækdal ved Steinkjer bibliotek

    SvarSlett
  6. Tusen takk for inspirerande flott kommentar på bloggen vår, Anne! Vi kjenner oss svært så audmjuke overfor tildelinga av Bibliotekprisen -det er mange som skal ha æra for at valet fall på oss denne gongen. Eit godt drifta bibliotek er ein samansett institusjon der tilsette, brukarar, blogglesarar, arbeidsgjevar -og for ikkje å gløyme kritikarar- alle skal ha sin takk. Men artig er det! :-)

    SvarSlett
  7. Gratulerer m pris!!
    Vage minner om husmorvikar m hornbriller og blomstrende forklekjole dukka opp her, trur eigentleg det er heilt i orden at husmorvikarene er ein saga blott...tanken på at eit vilt framandt kvinnemenneske skulle stå på kjøkenet ein ettermiddag og servere levergryte til mann og barn er surrealistisk:)
    Netty

    SvarSlett
  8. Tusen takk for det :-) Apropos husmorvikarar: ein skal aldri seie aldri -alle treng vi surrealistiske opplevingar av og til... :-)

    SvarSlett