Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 17. januar 2012

What are words?

For nokre månader attende vart det sett fokus på samtalene rundt kjøkken- og lunsjborda. I går reknar eg med at det var eit nyord, ja, for meg var det iallefall nytt, som var den store snakkisen rundt desse borda. Var det akseptabelt? Eg vil fyrst som sist understreke at dette innlegget ikkje er noko angrep på eller forsvar for korkje Madcon eller Plumbo. Det handlar om noko anna og meir enn det. Det handlar om akseptabel språkbruk, om spøk og om å skilje seg ut.

Det siste fyrst. Heldigvis er vi alle unike individ. Vi skil oss alle ut. Men vi tilhøyrer også, eller blir ufriviljug plasserte, i ulike grupper som blant anna er fastsett av kjønn, alder, hudfarge, funksjonsnivå, bustad og bakgrunn. Er du i ei av gruppene som er i mindretal, tilhøyrer du ein minoritet og skil du deg ut frå "normalen". Dette kan ein like eller mislike. Ein kan vera stolt eller føle skam på grunn av gruppene ein tilhøyrer.

Så om spøk. Det er veldig sunt og viktig å kunne le av saker og ting. Ingenting er skumlare enn det ein ikkje kan spøke med! Men det er viktig at den som spøken gjeld, kan le av han sjølv. Når ein dreg ein spøk basert på at nokon skil seg ut, meiner eg at ein skal vera rimeleg sikker på at vedkommande er med på spøken, at han ikkje vil såre eller provosere. Det går fint an å trakke i salaten. Det gjer vi vel alle iblant. Da er det er på sin plass med ei god unnskyldning.

Den som kun tar spøk for spøk,
og alvor kun alvorlig,
han og hun har faktisk
fattet begge deler dårlig.
Piet Hein




Så akseptabel språkbruk. Skal ein akseptere at nokon dreg ein spøk basert på t.d. hudfarge i ei høgtideleg prisutdeling, utan at vedkommande som spøken gjeld er forberedt og med på han? Er dette noko alle bør tåle og finne seg i? Da vil det vel også vera akseptabelt at barn i skulegarden kan bruke slike uttrykk? Skal vi vaksne gripe inn i slike tilfelle, eller skal vi overhøyre og tenkje at det er greit? Det er berre ein uskuldig spøk. Det kan det vera. Det treng ikkje vera vondt meint, men det kan bli vondt oppfatta. Difor tykkjer eg vi skal passe tungene våre og tenkje oss om før vi talar. Også vi som kjem frå bygda.

Eg reknar med at dette uttrykket kjem til å feste seg slik at det blir brukt for alt det ikkje er verd i skulegardane, rundt lunsjborda, på utestadane, i drosjekøane. Eg er redd det kan vera eit dyrkjøpt nyord.

Kva dette har i ein landsens bibliotekblogg å gjera? Fint lite kanskje, men vi lever da med, av og for orda her i vårt lille land, må vita! 


Rita



2 kommentarer:

  1. Huff, den der saken ble litt i største laget...det var en mislykket spøk, et lite pent ord - og en språkbruk deretter som heller ikke var særlig pen. men å unnskylde seg med at du er fra bygda - hallo? Jeg er vikar på videregående denne uka, og de friske ungjentene sier allerede " Åh, jeg tok en plumbo - sorry,ass". Hvis de har vært litt uheldige i sine kommentarer. Så kanskje er det det som blir stående, ikke ordet som ble brukt?

    SvarSlett
  2. Ja, akkurat. Unnskyldninga var kanskje det verste. Ho kan jo brukast for alt ho er verd. Sorry, eg kjem frå bygda...

    SvarSlett