Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 10. januar 2012

Vakkert om ung sorg

Høgtidsdagane som ligg bak oss vart for meg av det gode slaget. Nattbordet heldt først i jula på å ta overbikken under tyngda av den struttande haugen ungdomsbøker som skulle fordøyast i fredfulle nattetimar. Nett som i ei folkemend, var det nokre som ikkje skilde seg nemneverdig ut blant dei andre, medan einskilde trefte meg hardt og brutalt, opprørde sinnet så kraftig at eg laut nattevandre i tøflar og t-skjorte og roe det heile ned med eit glas iskaldt, seterbrunt heimebrygg. Atter andre smaug seg inn i sjela, brøytte rom for undring og ettertanke, laga seg eit trygt leie for å bli verande lenge, lenge.

"Etterpå varer så lenge" av Karin Kinge Lindboe eig den tittelen som sa meg mest i denne bunken. Så vakkert skrive om eit sårt tema med vonde undertonar. Boka er ein oppfølgjar til "Stella", ei nydeleg lita bok om eit venninnepar der den eine får kreft og døyr. Benny har ikkje rom for andre enn bestevenninna Stella i livet sitt, ho dyrkar henne i alt og godtek ikkje eingong at Stella blir forelska. Då Stella blir sjuk, rasar verda saman, og vi får ta del i ein enorm sorgprosess Benny rir i einsemd. Orda "Etterpå varer så lenge" rommar dermed så uendeleg mykje. Denne gongen byrjar ei  ny jente i klassen til Benny, og Stella bestemmer seg for at ingen skal få kome og fylle opp tomrommet etter Stella -korkje i klassen eller i livet hennar. Eit par såre, flotte bøker for ungdom og vaksne!

"Himmelen begynner her" av Jandy Nelson drog meg attende til sårsøt ungdomsforelsking med vulkanske kjensler i vilt ritt gjennom skrotten. På same tid er dette ei lyrisk flott bok om sorgen og saknet etter ei død syster, der ei ung jente må gjennomleve det tunge tapet av storesystera. Lennie finn trøyst i å skrive ned kjenslene sine på lappar som ho gøymer på dei mest utenkjelege stader:
"...sorgen er et hus
der stolene har glemt hvordan de kan bære oss
speilene hvordan de kan speile oss
veggene hvordan de kan holde på oss
sorgen er hus som forsvinner
hver gang noen banker på døra
eller ringer på
et hus som fyker av gårde ved det minste vindpust
som graver seg dypt ned i bakken
mens alle sover
sorgen er et hus der ingen kan beskytte deg
der den yngste søsteren
vil bli eldre enn den eldste
der dørene
ikke lenger slipper deg inn
eller ut..."
Nydeleg skrive -til å gøyme på i hjartet!

Bloggar: Merete


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar