Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 3. januar 2012

Blått nytt år!

Tre vise kvinner startar det nye året i blåtonar. Blå som er farga for hav og himmel  og symboliserer ånd, sanning og det evige, pregar resepsjonen, framsidene og og kanskje også viskvinnene. Vi balanserer framleis på eggen mellom det gamle og det nye året. Det gamle har ikkje sleppt taket enda, an other year's over, samstundes som det er tid for å leggje nye planar og tenkje framover, a new one's just began, er det også tid for ettertankar.

And what have we done? 2011 var eit spennande, hektisk og aktivt år for oss. Den eine viskvinna har halde stand bak skranka gjennom heile året, lese seg opp på barne- og ungdomsbøker, gjennomført bokpratar for nær sagt alle elevane i grunnskulen og hatt det store oversynet. Observante fylgjarar av bloggen har sikkert lagt merke til at berre to av viskvinnene har skrive blogginnlegg i det siste. Ei av viskvinnene var så uheldig å bli sjuk i fjor vår, og to andre har vore vikarierande viskvinner sidan. Den tredje viskvinna brukte delar av vårhalvåret til å egotrippe til den store byen for å gjera seg visare. Der tok ho etterutdanning i litteraturformidling fordi ho trur at det blir eit viktig satsingsområde for biblioteka i den digitaliserte tidsalderen. I tillegg leia ho prosjektet Ord om fjell og var involvert i Diktardagar, Diktarhus, Vera Henriksen-jubileum, folkemøte og 10 årsjubileum. Det kunne bli i overkant mykje tid som gjekk med til arrangement og tilsvarande lite til ordinær bibliotekdrift.

Vi kjem likevel til å fortsetje satsinga på arrangement og på å skape liv i huset også i året som kjem sjølv om det tek mykje tid og krefter. Vi trur det er framtidsretta. Vi går eit nytt spennande år i møte blant anna med Ibsen-jubileum til sommaren. 2. juli er det 150 år sidan Henrik Ibsen overnatta her i den gamle prestegarden på si reise over Sognefjellet til Vestlandet, ei reise som skulle få avgjerande innverknad på forfattarskapen og la grunnlaget for både Brand og Peer Gynt. Vi gler oss til markeringa og ikkje minst til eit nytt år med dei beste bibliotekbrukarane i fylket. Bli med oss på ferda gjennom 2012 både in real life og her ute i cyber spacen! Let's hope it's a good one!

http://youtu.be/8cJOm72QDDA

Rita

2 kommentarer:

  1. Tittelen "Blått nytt år" minner meg om mannen med en liten svart hårkrans rundt hodet som skulle være morsom på sin kamerats vegne og hilste ham "Grått nytt hår" i manges påhør. "Takk i lige måne" svarte han med den store flotte grå hårmanken.
    Jeg var til stede og lo like godt som alle andre :-)
    Godt nytt år!

    SvarSlett
  2. Haha, Eldbjørg! Bra svar :-) Godt nytt år til deg også!
    R

    SvarSlett