Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 30. desember 2011

Godt nytt år!

Utsynet frå kontorvindauget på tampen av året innbyr til alt anna enn bortstuving av julelektyre og nedpakking av nissemenn og englebarn. Etter all romjulsherjinga med orkan i kasta og tilhøyrande riving av låvetak og ommøblering av skog, er det eit etterlengta og fredfullt syn å bli vár ei slik lise borti fjella. Attkeike og innfule etter all motvinden lyt vi no krafse fastgrodde halmstrå frå skiutstyret på låven, grave bort fjorgammal smorning og klesse på nye lag med glidemiddel, før vi tek fjellviddene fatt med lange seige tak bortetter kvite vidder i bleik vintersol. Tida er komen for å svi bort ribbefeitt og bittersøte lag høgtidskonfekt...

Ordknappe som vi er, ønskjer vi alle lånarar ei fredeleg nyttårshelg i finvéret! Spar på fyrverkeriet og ta vare på dei firbeinte under høgste feiringa. Vi takkar audmjukt for det gamle året -de høyrer garantert frå oss så snart det nye er i emning!

Bloggar på tampen: Merete


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar