Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 23. desember 2011

"Noen ord er skjell i tiden"

Eit år er snart omme og det er høgsesong for lister og kåringar. Skal eg kåre mi beste oppleving på det litterære planet dette året, må det bli bøkene til Jon Kalman Stefansson. Bøkene hans Himmelrike og helvete og Englenes sorg er "magiske" romanar frå ein landsby ved kysten av Island for 100 år sidan. Eg har tidlegare skrive om den fyrste, Himmelrike og helvete her på bloggen og bok nr to imponerer like mykje. Bøkene er som ein god vin eg har nippa til utover hausten og vinteren, for å nyte dei i langdrag. Dei er som eit kjede av naturperler. Lag på lag av perlesubstans har blitt forma til ein stor og sjeldan litterær skatt.

"Gutten" som er hovudperson i Englenes sorg har lidd eit stort tap. Han har mist sin beste og einaste venn. "Gutten" tenkjer: Tiden er iblant et jævlig dyr. Den gir oss alt, for så bare å ta det fra oss igjen. Eit år er snart omme, eit år der mange i vårt vesle land skulle oppleve det same tapet, å misse nokon av sine aller nærmaste i tragedien 22. juli, i ulykker, i sjukdom eller på anna vis. Mange går ei jul i møte der stolar skal stå tome. Tap av eit menneskeliv er endeleg. Det kan aldri gjerast om. Vi som er medmenneske kan kjenne oss hjelpeslause, men eit smil og eit godt ord kan varme og tenne ljos sjølv i det djupaste mørkret. Og nokre ord er som skjell i tida:

...ord er det eneste som tiden ikke ser ut til å kunne hoppe lett over. Tiden passerer gjennom et liv og forvandler det til død, den passerer gjennom et hus og forvandler det til støv, til og med fjellene gir etter til slutt , disse vidunderlige steindyngene. Men enkelte ord ser ut til å trosse tidens ødeleggende kraft, det er bemerkelsesverdig, naturligvis forvitrer de, blir muligens litt mattere, men likevel blir de stående og tar vare på liv som forlengst er borte, bevarar for evig forsvunne hjerteslag, en forsvunnet barnestemme, de bevarer for lengst bortfløyne kyss. Noen ord er skjell i tiden, og inni dem ligger kanskje minnene om deg.

Med denne hyllinga av ordet, ynskjer vi dykk alle ei god jul og eit godt nytt år!

Rita

PS: Biblioteket er ope tysdag 3. dag jul, torsdag 5. dag jul og fredag 6. dag jul 10.00 - 14.00.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar