To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 20. desember 2011

Musurka og nissegleder

Per dreg i gang ein musurka!
I dag kjem oppdateringa frå kjøkenbenken. Ein har husmorferie, må vita, husmorferie på same vis som ein før i tida hadde potetferie. Meininga var altså å drive med husmorsyslar. Intensjonane var store og klåre. Ein skulle ordne alt det ein ikkje hadde ordna før i år. Det skar seg allereie ved morgonverden. Midt i beste syltelefsebetan høyrde ein den hårreisande krafsinga. Etter levenet å dømme, hadde absoulutt ingen i musefamilien gått i fella i løpet av året. Nå gjorde dei seg klare for å feire jul igjen, bak kjøkenskapa mine. Sjølv ikkje etter ei oppvisning i asiatisk kampsport med kraftige spark mot skapdørene akkompagnert med høglydt skriking, roa det seg. Ein prøvde ei stund å drive kjemisk krigføring med salmiakk og klorin, men etter at mysene fekk tredd gassmasker over snutene, var dei i gang att der inne. Kven sa stille som mus? Situasjonen er i skrivande stund fortsatt spent og uavklart. Det som er sikkert er at ein av oss må ut av huset. Det blir dei eller meg.


På motsett side av skalaen for gode opplevingar, finn ein gåveoverrekkjinga som gjekk føre seg på kveldsvakta førre torsdag. Inkjeanande vart vakthavnade totalt sett ut av spel da den snille nissefamilien kom på døra med dette nette ferdaskrinet i gåve til viskvinnene. Skrinet var meir enn imponerande forseggjort i seg sjølv. Attpå alt var det fylt til randa av alskens herlegdomar som ein knapt kan drøyme om. Langt mindre avsløre på bloggen. Vi er djupt takksame for å bli gjort slik stas på, og vi lovar å kose oss glugg med det mannslungne, orsak, mangslungne innhaldet. Tusen hjartelege takkar Live Marie, Olga og tinemakar Kjetil!

Vi lovar eit nytt innlegg på bloggen før vi går inn i julehøgtida.

Bloggar: Rita

2 kommentarer:

  1. Ikke stas med mus i huset. Håper dere finner en minnelig løsning slik at musene finner et nytt hjem, enten i denne eller en annen verden( kanskje helst det siste).

    SvarSlett
  2. Nei, ikkje stas! Eg er redd vi framleis deler bustad... Da kan vi alle sammen snart feire jul igjen!
    R

    SvarSlett