Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 24. januar 2012

Ei god gammaldags floke...

...frys halvt i hel i glastrekken...
Blodet flyt seigare i banene og vermer dårlegare i aldrande skrottar, kjennest det ut som. For berre eitt år sida overlevde vi godt fleire månader der kveksylvet hadde ankra fast i botnen av graderstokken, medan vi no får gongsperre etter kun eit par dagar med 20 isblå celsius. Spegelbiletet som skrik mot ein under morgontoalettet vitnar om ei isolering minst like velstappa som året før, ein leggjepels like tett og skjeggvekst minst like kraftig, så frostriene kjem nok av heilt andre årsaker. Det er mest så ein lengtar etter dagen då sveittetoktene skal overmanne oss og piple velgjerande ut gjennom attela porer...

Gamle Loar før brannen.
Gammelprestgarden er eit hus med sjel, eit bygg med stil og sjarm, gjenreist sist på 30-talet i same stil som før brannen i 1936. Ei verdig perle strategisk plassert på kyrkjevollen under foten av den ranke Lomseggen. Men nett som eit aldrande hovud, er det gamle huset utsett for gjennomtrekk av den plagsame sorten. Dei ofseleg store vindauga er eit vakkert skode reint fasademessig, men innomhus på kaldaste vinteren sig frostrøyken inn og flyt ut over dei breie glaskarmane, legg seg frekt med piggane inn mot rommet og hutrande bibliotekarar. Kaffetraktaren putrar i streng protest borti karmen, medan blomane frys i hel mellom gardinene og sjefen fyrer termostaten på full skruve på bakrommet. "Nå æ kaffen varm!" kvin det frå kontoret, medan traktaren harkar ein siste drope gjennom det frosne røyret.

...nektar å fryse halvt i hel i glastrekken...
Med varmt i koppen og rompa gnukkande mjukt mot varmomnen er det godt å vera til på Gamle Loar. To frosne sjeler på vakt, to som veit å innrette seg etter tilhøva. To som har vore ute ei frostnatt før... Med ny varme i skrotten er vi no klare for dagen og kan by iskalde lomverar ei god bok til peiskosen.



"Lonkje" bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar