Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 22. november 2011

Lykkeleg kjerring.

Eg er så heldig, eg. Då smeden for ein liten mannsalder sidan ville byggje oss ein heim innunder det lealause berget i baksida, vart vi einige om å setja opp ein aldri så liten eldstad i stugun. Med flørtande stjerner i augo og forventingsfulle framtidsvyer såg vi føre oss lange, tylege kveldar framfor den levande varmen -berre oss to, etter endt lesestund med påfølgjande nattatrall for etterkomarane i underetasjen.

Husbonden hamra og snekra, pussa og spikra ein heil vinter, medan kjerringemnet låg bak attdregne gardiner og gurpa surt over bøtta. Eitkvart hadde tydelegvis klåså seg i rekkjefølgja på framtidsplanane for nybyggjarane...

Då midtsommarsola om senn tøygde sine varme strålar ned på nystugua i hellinga, pakka paret med seg det sparsommelege innbuet frå den midlertidige mellomlandingsplassen og flytta inn for godt. No låg vaksenlivet klart og venta, og det nye huset vart ei trygg ramme om det som skulle koma...

Her venta vaksenlivet...

...og visst vart kveldane mange -og lange! Stundene framfor den etterlengta peisen lot derimot vente på seg. Det eine småtrollet etter det andre ploppa ut og skapte liv i baksida -både natt og dag- og den levande varmen i grua var umogleg å få auga på bak attsota glasdører.



Eit strevsamt liv i baksida...
Alt er derimot i stendig endring, både for ein heim, ein familie -og ein draum. Etter kvart som flokken voks seg til, vart det verkeleg nokre lange kveldar -i einsemd. Men ingen husbond dukka opp framfor peisen, nei slikt var det slett ikkje tid til! Baksidekjerringa var då så velsigna heldig at ho hadde ein aldri så liten misjon å utføre blant borna i bygda. Ho hadde sett seg eit nytt mål i livet; å formidle litteraturglede og leselyst hos unge framvekstingar rundt omkring. Gje dei gode opplevingar via skrivne ord, nye impulsar, empati og glede mellom permar. Gilde haugar barnebøker vart frakta inn i den etter kvart småslitte heimen kvar veke, og kjerringa ville helst berre lese. Og der -ikkje framom, men bak peisen- hadde husbonden bygd ei ideell kro for slik kvardagsfluktleg aktivitet. Endeleg fekk eldstaden selskap!

Julebøkene er plukka fram på biblitoeket.
I år som i fjor, og året før der, huskar såleis tjukke støvvevar seg varsamt fram og attende over lufterista i peisen, lubne dottar dansar tøyg tango bortetter golvlista  og koparpynten skin flammebrunt i skjenet frå logane i førjulsvarmen -alt dette medan husmora sit djupt nedgrove i godkroa bak den lune murpipa med lesebrillene dytta godt inn mot augevippene. Det er snart advent i baksida -og no er det juleforteljingane som skal fram i dagen for engleskaren ute på bygda. Denne husmora er nemleg levande overtydd om at soknet enn så lenge er meir tent med at ho les seg opp på god barnelitteratur enn at ho lokkar på lodottar og pussar koparkjelar.

Alle lydhøyre små og store fortener ein gild førjulstakk  for at de sparar meg for så mykje keitt husarbeid, og smeden skal ha så inderleg takk for den grumme roa bak peisen. Vi vinst nok det vi skal år også :-)




Lykkeleg baksidebloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar