Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 15. november 2011

Det er vel fagre stunder

Bjørn Sigurd Glorvigen og Even Lusæter i fint driv.
Foto: Elias Sperstad, GD.
Laurdag ettermiddag: Det er verd å leva! Arrangement nr mista oversynet i haust, er vel i hamn! Og for ei fager stund det vart!








Dei to dalføra øvst i Gudbrandsdalen som har fostra mangein raudleitt son, har også fostra mangein skrivefør! For blogglesarar frå "anstan", er regionen delt i to dalføre. Vi har Ottadalen med Vågå, Lom og Skjåk og med Ottaelva som den grøne tråd, og den eigentlege Gudbrandsdalen som følgjer Gudbrandsdalslågen gjennom Sel, Dovre og Lesja. Elvene og dalane møtest i den såkalla dølabyen Otta, som utgjer sentrum i vinkelen. Geografien og avstandane fører til at både samarbeid og samkvem kan by på utfordringar. Diktinga vår fører oss saman.

For i helga møttest dei både lesjingar, dovringar, lom- skjåk-, sel- og vagverar for å ta del i vår felles diktararv. Bokhandlen kafé i Vågå vart fylt til randa av lyrikkinteresserte dølar. Biblioteka i regionen i samarbeid med Mållaget Ivar Kleiven, inviterte til Lyrikk og dugurd med fjelldikt, visesong og folkemusikk. Vi hadde vore så heldige å få med oss to utmerka representantar for døleætta, Bjørn Sigurd Glorvigen frå Dovre og Even Lusæter frå Heidal og Vågå. Med inderleg framføring av vare kjærleiksdikt og dikt om einslege blomar som duvar langt inni fjell, med skjemtande vers om gjødselhaugar og heite møyar, heldt dei to den tettsitjande forsamlinga i si hole hand. Dei baud på stor ordkunst frå Jonsson, Skrede, Vigerust, Solberg, Aukrust og fleire til, på ein slik måte at vi som sat der både måtte kjempe mot klumpar i halsen, latterkuler og stolte og svulmande dølahjarte. Vi var vitne til eit sterkt, varleg og verdig lyft av kulturarven vår. Får ein kaffe attpå da!

Takksam bloggar med eit nytt vent og vakkert blad i minneboka: Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar