Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 29. november 2011

Makt i de tvinnede fletter?

Representantar for arten bibliotekar
Det var i dag ein burde hatt dagen, Skrivedagen, da orda kom lett og leikande og forma meiningane i klårtenkte og overtydande drag, drapert i sirlege faldar nedetter bloggkjolen, eller var det faldeskjørtet. For ein har blitt engasjert! Men det er lite truleg at det er den dagen. For ein har hatt så mykje anna donteri å pusle med her i bokheimen. Bloggskribleri og bibliotekarmyta som ein ivrar for å avlive, har ikkje fått fyrsteprioritet der framme i pannebrasken. Men medan timeglaset renn, er det dette som skal bli tema i dagens tekst. Inspirasjonen vart utløyst av ei Dragemamma og av Solveig Kloppen som drøymer om stille, tøflande dagar bak tjukke brilleglas og kledelege nakkeknutar på eit fredeleg landsens bibliotek, der ho kan sitja og lesa i timane.

Like lite som eg trur Kloppen ynskjer å vera morosam på vår bekostning, ynskjer eg det på hennar. Eg ynskjer ikkje å vera morosam i det heile. Eg ynskjer å vera med og drepa mytene om det kjedelege biblioteket. Eg mislikar generalisering generelt (!). Det er menneskeleg, eg veit det, vi treng det kanskje for å overleva. For å greie å handtere det mangslungne livet, så treng vi å plasserere folk og anna i grupper og båsar. Dette gjeld ikkje berre bibliotekarar, men også andre "minoritetsgrupper". Kanskje har vi lett for å gjera det for å markere at vi sjølve tilhøyrer majoriteten, "det gode selskap".


Mytedrepande tiltak:  Dewey med stiletthæl til
Men attende til Kloppen og biblioteket. Eg veit ikkje kor god kjennskap Solveig har til bibliotektilveret, men sett i ljos av utsegnet, går eg ut i frå at han ikkje er inngåande. Ho kjenner nok berre til mytene. Og dei lever i beste velgåande. Folk flest, enda ei generalisering!, trur nok som Solveig at vi har ein stille arbeidsdag der vi kan tusle rundt i tøflane og lesa litt frå bøker vi er glad i, at det er det jobben vår går ut på både viinter og våår. I bøker, på filmar og i aviser blir vi som Dragemamma seier, framstilt som grå, kjedelege og nitriste, med knut i nakken og faldeskjørt til midt på leggen.

Som andre stigmatiserte grupper, er det ingen andre enn oss sjølve som kan endre dette imaget. Vi må ut i det offentlege rom skal vi klare å ta livet av mytene. Kor ofte ser vi sprelske saker frå bibliotekverda i riksmedia? Kor ofte ser vi biblioteksaker i riksmedia i det heile, om ikkje ein eller annan kjendisen har uttala seg, som oftast på sviktande grunn? Bibliotek er ikkje akkurat hot stuff i lokalavisene heller. Og kvifor er det så viktig for oss å vera synlege? Dei som ikkje er synlege, blir gløymde. Dei som blir gløymde, tapar budsjettkampane, dei som tapar budsjettkampane, misser livsgrunnlaget, dei som misser livsgrunnlaget, misser til slutt livet.

Mytedrepande tiltak: Ny sveis
Dette er noko av bakgrunnen for at vi bloggar. Vi vil gjera biblioteket synleg der folk er, på nettet. Vi vil vise at biblioteket ikkje treng å vera kjedeleg. Vi vil vise at det er mangfald, at det er levande, at det er aktuelt, at det er ein plass å møtast, at det er opplevingar. Bloggen er berre ein dråpe i havet eller ein beskjeden tråd i den store verdsveven. Men det er da noko. I tillegg har ein latt nakkeknuten i stikken. I beste Pippi-ånd går vi nå for fletter i trua på makt i de flettede hårstå.

Med ynskje om ein nyfrisert dag!

Bloggar: Rita

1 kommentar:

  1. Så sant, så sant. Stå på jenter, det er ikkje ordet kjedeleg eg assosierar med bibliotekarane på Lom folkebiblotek.

    SvarSlett