To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 6. desember 2011

Advent

Det skymmest utom ruta allereie før nonsmaten er komen på bordet. Nordvesten riv i takskjegget, og holka er ugjestmild bortetter trakket mot vedskjulet. Naglebiten skjer innåt mergen når stålisen lyt skrapast av ruta, og stikkande sno trer piggar mot valne kinn i gråljosninga. Det er myrketid i Gudbrandsdalen. Humøret kan vera trått å få sving på, og ein drøymer i ledige stunder attende -eller fram- til den lysande glokula som breier varme i skrotten og gjer kvardagen lettvint.

Dersom ein maktar gå ut i kulda når kveldsmyrkret er på sitt svartaste, kan ein derimot oppleve eit tindrande crescendo på kvelven, der eit hav av blenkjande stjerner kjempar om å skine blankast og blunke mest forførande. Ein draum av eit syn på klåre kveldar -eit syn kun ein kald vinter kan by på.

Også i vindaugo blafrar og skin det i levande ljos og blide stjerner og stakar. Heimar er pynta til advent, og vi står midt inne i ei hektisk ventetid fram mot julehøgtida. Spenning, løyndomsfulle blikk og glede mot det som skal koma pregar både små og store -stort sett. For nokre av oss er derimot denne årstida så tung og vanskeleg at livet mest blir sett på vent. Ei kald og myrk tid prega av tungsemd, einsemd, sakn, vonde minne og sorg. Medan andre stressar med vask, bakst, handel og mas, sit mange i stussleg einsemd og kvir seg til høgtida då alt stoggar opp.
 
Kunne vi berre setje til side noko av det stressande, materielle jaget og heller bruke oss sjølve som ljos i ei vanskeleg tid for nokre av dei einslegaste rundt oss! Ta med ein kakeboks og rusle bort til enkjemannen som lyt feire jul utan si kjære, ta med ei god historie og les høgt for den svaksynte, ta med motet og prat med den som er sjuk og kanskje skjønar at dette vil bli den siste jula han får vere her. Einstøingen som tyr til sterke dråpar treng kanskje ei oksel å kvile på, og det unge paret med eit kronisk sjukt barn ønskjer seg kanskje litt hjelp og avlasting ein efta? Vi har ikkje vondt av å dele andre si sorg, og kanskje vil stjernene blunke litt ekstra for oss på heimvegen? På biblioteket finn du tips dersom dette kjennest travaleg for deg.

Den svenske diktaren Dan Anderson (1888-1920) har skjønt det:

"Jag har mod att möta mänskor,
stilla, sorgsna, veka mänskor,
de, som tysta bära bördor,
tunga, hemliga och heta.
Jag har mod att se med kärlek
in i deras skrämda ögon,
jag har mod att trösta dem,
fast själv jag utan tröst och vila
släpar steg för steg mot mörkret."



Bloggar: Merete

(Biletet av stjernehimmelen er lånt frå denne bloggen: http://losinghj.blogspot.com/, medan det siste biletet er lånt her http://www.haugesund.kommune.no/jobb-i-kommunen/category2601.html)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar