Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 4. oktober 2011

Til Simen!

Førskuletid:
Merete fortel: Simen. Ein sped, liten kar med tidsriktig gild topphuve laut ei vårblaut veke i -77 ta fri frå lamming og vassveiting for å møte framtidige klassekameratar på den vesle grendaskulen ved foten av Høgkollen. Barnehage var eit framandt omgrep for dei spente førskuleelevane, så nyfikna bevra om kapp med fuglekvitteret i ljosløypa då dei 10 små første dagen kasta stolne blikk oppunder huvkanten åt jamaldringane. Guten frå garden med den eventyrlege utsikta over Vårdalen drog huva godt ned over øyro, og gjorde elles det han kunne for å verke usynleg i det store klasserommet. Liten og lur, kjenslevár og spretten, varsam med å hevde seg blant dei store elevane. Lite visste nok den mønstra topphuva kva ho den gong var i ferd med å ruge på. Og lite visste den vesle, lubne kva for framtidige storleikar ho sto trygt plassert mellom på skuletrappa fysste dagen...
Simen, Merete, Rita
Fyrsteklasses tid:
Rita fortel: På den vesle skulen, i den vesle grenda, i den vesle bygda, tett inntil det nyutsprungne, vesle byggefeltet, med dei små drivhusa, der små tomatplanter med små tomatar vart dyrka, troppa ti små fyrsteklassingar opp til sin fyrste skuledag ein augustdag i 1977. I 1. klasse var det sju jenter og tre gutar det året. Ei av dei nusselege jentene med fine hender, føter små, var kollega Merete, sjølvsikker og velskapt heilt ut i dei nette, ørsmå fingertuppane. Ho som var eit hovud og ein glitterblå pologenserhals høgare, med utstikkande ribbein og motto "Teie er gull", var meg. Ein av dei knøttsmå gutane var Simen. I heile fyrsteklasse var den tause overtydd om at vi song om klassekamerat Simen kvar dag.

"Når du ser en venn som gråter,
for at andre gikk sin vei,
skal du rekke hånden ut
og simen jeg er glad i deg."

Ikkje noko å krangle på det, at vi song om og var glad i Simen! Guten var jo ein snill og lugum kar.  Elles tykte eg inderleg synd på han som hadde uff, den leie bakken å traske heim etter skulen kvar dag. Ikkje rart om han kunne trenge til ei handsrekkjing.

Storskulen
Merete, Simen og Bjarne Eiolf
Merete fortel: Simen. Ein kjapp rugg på fotballbana i skulegarden. Jentene enste korkje han eller dei andre gutane noko vidare –historia ville det slik at den snauslitne fotballbana var maskulint dominert, museflettene fekk pent hoppe strikk. Men på formingssalen, saman med ein medsamansvoren -usagt kvifor nett her- openberra ballentusiasten etter kvart uante talegåver. Skeive skråband og spinnville spolar levde sitt eige, skakkjørte liv medan guten ved fjellvegen lokka fram motstridige rykningar i munnvikene på frøken Lisbeth. Livet var i ferd med å forme guten, gode gen vart vidareutvikla og ein solid, politisk arv fekk grobotn til fri utfalding. Når det storma som verst, vart derimot striluggen stille og tenkt, bortimot usynleg bak pulten. Opne konfrontasjonar fekk strie småfrøkner og oppsetsig ramp framleis ta seg av. I høgda stakk han seg heller ikkje særskilt ut enno...

Ungdomsskuletid
Bjarne og Simen
Rita fortel: På ungdomsskulen vart vi delt og blanda med den tøffe senterungdommen. Misforstå ikkje, her var det bustadadresse Lom sentrum og ikkje grøne firkløver som gjorde dei tøffe og skumle for oss utkantungdommane. Den lange, granne, som på den tida korkje utmerka seg som særleg lang eller grann lenger, hamna i klasse 7A saman med Simen. Av dei mest skilsetjande opplevingane frå ungdomsskuletida, er leirskuleturen vår til Bjørnsund. Her fekk den kommande ordføraren bryne seg på tøff sjøgang og erfarne Brumunddalsjenter. Vi kan vel slå fast at han takla begge delar sjøsjukt dårleg. Når han ikkje hang over ripa på Øybjørn, like grøn i maska som partiet han seinare skulle sverge til, flykta han frå dei eit år eldre og ti år dristigare Brumunddalsjentene. Vi Lomsjentene var skrekkslagne vitne til at brumunddølane "oppdaga" den eine etter den andre av dei søte, små gutungane i klassa vår. Ein etter ein av dei kom att stygt merkte og  medtekne etter måneskinsturar med dei erfarne. Einskilde av gutane vart nok mest brukte som teddybjørnar, men Simen var heile tida under streng overvaking av læraren som hadde lovt mora å passe på så han ikkje rota seg borti kvinnfolk på turen. Læraren tok oppgåva på alvor og sleppte ikkje guten av syne. Han kunne ved heimkomsten overlevere han utan varige men og forsikre mora om at han var urørt av kvinnehender.

På det skulefaglege området utmerka Simen seg mest med at han uansett oppgåve, greidde å pense inn på dette Manchester United i kvar einaste stil han skreiv. Eg mistenkjer han elles for at samfunnsfag og særleg historie var favorittfaget hans, og minnest harde dystar om å kapre flest poeng på historieprøvene. Spenninga bygde seg opp mot den store styrkeprøva; prøva om 2. verdskrigen i 9. klasse. Her verserer det rykte frå påliteleg hald om ein særs tett og hard fight med høg puls- og blekksprutfaktor. Det stod om dei viktige halve ekstrapoenga! Elles var Simen ein ordfør skøyar alt på denne tida, og var eit naturleg val som konferansier på elevmøta.

Ordførartid
Merete fortel: Simen. Guten vart vaksen, jamvel lang, sterk i meining og handling. Han tok Ordet, vann tillit, vann seg vener i nord og sør og vart Talsmann for heile bygda. Nøktern og ærleg, framtidsretta og nytenkjande la han kabalen sin godt. Korthanda var ikkje alltid den beste, men dei rette utspela gjort til rett tid, saman med gode lagspelarar, gav jamnt gode resultat. Det kalde landet i nord oppdaga ei lita kommune mellom høge fjell, der ein modig maur aldri gav opp, der folket treivst og kunne syne til gode resultat. Kjøret hadde sin pris, og mauren laut krupe utsliten opp si høgste tuve, før han igjen nådde toppen, klar til ny kamp for folket sitt. Også dette fekk bygdeborna ta del i, nakent og ærleg, som berre ei modig sjel tør å dele. Simen har gjeve bygda eit andlet, eit namn og ein status. Han er framleis vår barndoms klassekamerat, og vi er stolte over å ha fått ta del i eventyret Lom.

Og no skal medelev nr 4 ta over kortstokken. Merete og Rita ynskjer Bjarne Eiolf alt hell og lykke til medan vi nynnar i kor på Drillo-sangen: Takk for alt du ga, Simen, og lykke til i direktørstolen!





5 kommentarer:

  1. Så sant så sant!! Lom mista ein særdeles flink ordførar!

    SvarSlett
  2. Lang fartstid fortener lang takk, og god oppvekst bar gild frukt :-)

    SvarSlett
  3. For en gjeng dere må ha vært!

    SvarSlett
  4. Mange gode og kjære minne knytt til skuletida, fru Storlien, både frå Garmo, frå ungdomsskulen og frå vidaregåande. Vi var så utruleg heldige med klassekameratar, skjønar du!
    R

    SvarSlett