Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 30. september 2011

Lengsla bygde katedralar

Sagrada Familia i Barcelona
Lengsla bygde katedralar.
Bøner brenn og togna talar
om eit gotisk liv i lengsle
bakom tiders liv  i trengsle.

Alterljosa skin der inne.
Kjærleikslengt i mann og kvinne
byggjer enno på det brende
i sitt eige Trongdalslende.

Lengsla bygde katedralar.
Kom og stig inn! Æva talar
ord frå ætter som har tagna.
Ordet lyser i vår lagnad.

Frå diktet "Lengsla bygde katedralar" av Tor Jonsson.



Sagrada Familia (Den heilage familie) er ei stor basilika i Barcelona som vart teikna av arkitekten Antonio Gaudi. Byggjearbeidet starta opp i 1883 og pågår enda. Arkitekten fekk aldri sjå bygget ferdig, men dette var ikkje så viktig for han. Han meinte Gud hadde god tid.


Who knows where the winds may
blow us, only a fool would say
Who knows if we'll ever reach the
shore
Follow a rising sun with eyes that
may only stare
What kind of fire will burn us
there? What kind of fire?
Only a fool would say

Frå The Alan Parsons project La Sagrada Familia


Bloggar: Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar