Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 27. september 2011

I morgon, i morgon...

Den sure blæsten kvin rundt husnova medan tørt haustlauv kvervlar viltert rundt børkeleggane. No kjem "sydenvarmen", gliste feite typar mot oss ved snophylla på butikken i går, og vi tillet oss å ha trua enno ei stund. Men medan einskilde døyver lengselen etter sommaren ved å stille utferdstrongen og tømme skillingpungen, sit trufaste slitarar att og pleiar det låke samvetet for den overfylte musikkkrybba bortom inngangsdøra. Alt kontorarbeid er unnagjort, ferske bokkasser er sendt ut til skulane, og alle nye bøker er nøye registrert i katalogen. Det er berre denne eine asken att.

Haugar av cover som gøymer på spenstige rytmer og vare tonar. Ny musikk som fortener ein romleg plass i hylla, fortener å bli lagt merkje til, fortener å bli med musikalske lånarar heim. Problemet er berre at det beint fram ikkje er plass...

Når sjefen kjem heim, skal alt vera i orden, sirleg registrert og plassert. Det er klart. Heldigvis er inga lerke å skode på kyrkjevollen...




Bloggar: Merete

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar