Tre vise kvinner

Tre vise kvinner har blitt to vise kvinner og ein visegut.
Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

fredag 23. september 2011

Tytebæret oppå tuva




Ein gong seint om hausten lagde
viskvinne til bærskog ut.
"Fire kilo", sonen sagde
"plukk åt meg, din "vesle" gut!
Eg skal vaske, eg skal rydde,
skifte laken, vaske opp.
Bæra sel vi, Polen kallar.
Deal, vel, morsan? Du er topp!"

(Delar av teksta er kunstnarleg fridom grunna enderim)


Morsan klødde seg i skjegget.
Dette var vel ganske lurt?
Vask og rydding, det er verre,
enn ein tur til bærskog ut!
Innom jobben treiv ho med seg
ganske snedig lita sak.
Inn med proppar, play og volum,
bøy i knea, opp med bak.


Der, under den grøne huva,
reiste ho i tid og rom.
Barcelona, 1330,
føydalherrer, styggedom.
Katedralar, pottemakrar,
fedrar, søner, drap og flukt.
Bær i bøtta, sol på tuva,
glede av å opp bli slukt.


Tenk deg, midt i tytingskogen,
her i Jotnars fødestad,
kan ein mesta kjenne duft av
krydder, vin, av Catalonia.
Fire kilo raudt eg lyser,
heim til vaska guterom.
Kven som hadde beste stunda?
Det er lita tvil der om!

Bloggar med stuttreist tyting og langreist hug: Rita

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar