To vise kvinner og ein visegut

Om større og helst mindre hendingar på Lom folkebibliotek.

tirsdag 20. september 2011

Nedover dalen

Den som har vore til fjells og gjort seg feit gjennom sommaren, får ikkje innvilga mange dagar påfyllkonferanse ved inngangen til ein ny sesong. Med dissande opplagsnæring veltande over beltespenna lyt ein pent bli verande i gammelprestgarden og halde kaffetraktaren i glaskarmen varm til gourmetkjennaren kjem seglande sørover att med skinnvestflaka flagrande i nordavinden. Referat skal fordøyast og gastronomiske nytingar skal fortrengjast, medan nye kreasjonar foryngjer den frå før skammeleg ungdommelege sjefen.

Foryngjande kreasjonar...

 Men eit anmeldarkurs nede i dalen, med stutt reise og enkel lunsj -jau, det kunne innvilgast kaffekokaren! Med yndlingsboka "Vinterjenter" i sekken, knalla eg såleis i går med barnleg iver nedover eit uendeleg vegarbeidsområde med opplyftande musikk dunkande i høgtalarane. Guri Fjeldberg har tidlegare imponert stort under IBBY-turnear med si store innsikt og gode formidlingsevne, så dette skulle bli artig!

Guri Fjeldberg (Foto: Gyldendal)
  
I dag er eg atter attende ved glaskarmen, med ein imponerande gild haug notatar flytande ustrukturert framfor meg på bordet. Ikkje sidan studiedagane har eg vel notert så flittig og så mykje på så stutt tid, og ved kursslutt fekk eg mest lyst til å søkje jobb som barnebokanmeldar i ei kjend byavis. Ved nærare ettertanke fann eg likevel ut at den munnlege formidlinga er og blir min misjon innan bokverda, så får heller bloggen bli forsynt med ei og anna bokanmeldinga. Takk likevel til Fjeldberg for nyttig inspirasjon, motivasjon og kunnskapsrik rettleiing!

Heldigvis for skillingpungen var det heller ikkje denne gongen plass til opplagsnæring i dei moderne kreasjonane bybutikkane kunne by på. Men sanneleg var ikkje lunsjen god på Lillehammer også... 




Bloggar: Merete

1 kommentar:

  1. PS: Det øvste er arkivfoto! Ingen foryngjande kreasjonar er observert i konferansekofferten.
    Den ungdommelege

    SvarSlett